Menn kan syne leggane på jobb

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor fekk ein mannleg psykolog beskjed av avdelingssjukepleiaren at han ikkje kunne ha shorts på under den kvite frakken på jobb. På varme og fuktige dagar i sommarmånadene gjekk nemleg psykologen i shorts i staden for i lange bukser.

Med den kvite frakken knept igjen kunne det gi eit inntrykk av at han ikkje hadde klede på under. Han vart derfor bedt om å halde seg til langbukser. Det skriv den danske avisa business.dk.

Psykologen retta seg etter dette, men sidan dei kvinnelege kollegaene gjekk i knekorte skjørt meinte han at menn blei forskjellsbehandla og klaga til det danske Likestillingstilsynet.

Tilsynet slår fast at shorts ikkje gjer «menn mindre profesjonelle, truverdige og tillitvekkjande» enn kvinner på jobben.

Det danske tilsynet konkluderer med at forskjellsbehandlinga mellom dei kvinnelege og mannlege tilsette må ta slutt, og at avgjerda til avdelingsleiaren dermed var i strid med likebehandlingslova. (©NPK)