Inga Marte kan bli statsminister

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Thorkildsens eventuelle status i regjeringa gjer den nye statsrådskabalen vanskeleg å leggje, skriv Dagens Næringsliv.

Den som er SV-sjef i regjeringa, er samtidig avløysar for Stoltenberg og dermed den fremste i statsråd kvar gong Stoltenberg er på reise eller når han er sjuk. Når SV-leiar Audun Lysbakken no er ute av regjeringa, må partiet finne ein annan.

Mange i SV trur den nyvalde nestleiaren kan vere aktuell som ny statsråd i regjeringa. Viss Thorkildsen blir statsråd, ligg det an til at ho òg går inn i underutvalet i regjeringa. Om ikkje Stoltenberg vel å endre på rangordninga i regjeringa, blir da den ferske SV-nestleiaren nummer to i regjeringa.

Visepresident på Stortinget Per-Kristian Foss (H) seier at han tar det for gitt at Stoltenberg ikkje kan leve med ein fersk nestleiar utan statsrådserfaring som avløysar.

– Ingen vil ta regjeringa på alvor viss Inga Marte Thorkildsen blir fungerande statsminister når Stoltenberg er borte. Da trur eg ikkje Stoltenberg vil våge å reise ut av landet på ein lengre tur, seier Foss til Dagens Næringsliv. (©NPK)