Frå tekstforfattar til stilasbyggar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var ein dyr pris å betala kun for å knytta kontaktar, seier Lars Lingelem.

Lingelem starta med syskjenbornet Henning Steen stilasbyggefirmaet «Doserne» i 2006. Steen har tre års utdanning som tekstforfattar på Westerdals, mens Lingelem har ett år innan film og TV-produksjon på Noroff Fagskule.

Ikkje relevant utdanning
Det eittårige studiet Lingelem tok kostar 51 400,- per semester, mens semesteravgifta på Westerdals er 36 950,- per semester. Både Steen og Lingelem betalar fortsatt ned på studielånet dei tok for å ta utdanninga si.

– Det eg lærte på Noroff kunne eg nok likeså godt lært meg sjølv, men på den tida ville eg jobba innan TV og film, eg ville prøva ulike ting og tenkte difor at Noroff verka interessant. Men det var nok ikkje verdt pengane eg betalte for det, seier Lingelem.

Steen og Lingelem meiner at utdanninga dei har tatt ikkje er ideell for den jobben dei har no.

– Eg angrar ikkje på at eg tok den utdanninga eg tok, men eg ser jo at det ikkje er så relevant i forhold til det eg gjer no, seier Steen.

– Men eg brukar jo fortsatt noko av det eg lærte der i den jobben eg har no ved å skriva mails og tekstar på nettsida vår.

Starta stilasbyggefirma
Steen bestemte seg for å starta eit stilasbyggefirma då han hadde praksis i Dagbladet gjennom Westerdals.

– Eg satt på dataen heile dagen og venta på å bli tildelt saker, saker eg oftast tykte var keisame. Det var fyrst når eg kom opp med idéar sjølv og kunne skrive kommentarar eg tykte at det blei interessant, men det skjedde nesten aldri, seier Steen.

Steen arva pengar, og byrja arbeidet med å starta sitt eige firma.

– Eg var lei av å sitta i ro, eg ville ha ein jobb der eg kunne jobba fysisk, seier Steen.

– Då eg arva pengar tenkte eg på kva eg eigentleg kunne, og då fann eg ut at stilasbygging, det beherskar eg!

– Men kvifor tok du då utdanning som tekstforfattar?

– Då mamma fortalte meg om Westerdals tenkte eg at eg kunne ta opptaksprøven, og då eg kom inn starta eg berre. Plutseleg var det gått tre år!

Har gode tal
Westerdals har akkurat gjennomført ei alumniundersøking hjå studentane som avslutta studiene sine sommaren 2010 og sommaren 2011. Halvparten av desse studentane valte å svara på undersøkinga, der 90,2 prosent av dei studentane som er i jobb svarar at dei har ein relevant jobb for utdanninga dei har tatt.

Rektor ved Westerdals Tom Kvisle er nøgd med desse tala.

– Mange av studentane har jobb til og med før endt utdanning på grunn av praksisperioden studentane går gjennom på slutten av utdanninga, seier Kvisle.

Har ikkje tal å visa til
– Det eg er opptatt av, er å få folk ut i jobb, sa høgskulegrossist Nicolai Harald Løvenskiold til Universitas i byrjinga av februar. Han styrer Noregs største privateigde utdanningskonsern, som eig store delar av ulike private utdanningar i Oslo. Løvenskiold kritiserte også dei offentlege skulane for at dei utdannar folk innan fagområde der det er liten sjanse for å få jobb i etterkant. Men kor relevant er eigentleg Løvenskioldsutdanninga for seinare arbeid?

Då Universitas kontaktar administrasjonen i Nordisk institutt for scene og studio (NISS), har dei ikkje noko oversikt over kor mange som har relevant jobb etter fullført studie. Bjørknes Høgskule og Treider har heller ikkje tilgang til slike tal.

Då Universitas kontaktar Joachim Thorsen, administrativ leiar i Bilder Nordic School of Photography, seier han at dei ikkje kan gå ut med slike tal.

– For å få slik informasjon må de kontakta Nicolai Løvenskiold. Me har ein konsernpolicy innad i bedrifta som seier at han skal ta imot alle slike forespørslar.

Universitas respekterer konsernpolicyen, og ringer Løvenskiold.

– Har de ei oversikt over kor mange som har relevant arbeid etter fullført utdanning hjå dykk?

– Det kan eg ikkje ta på sparket akkurat no. Grunnen til at me ikkje gir ut slik informasjon til kven som helst er at det ofte blir misbrukt. Men om du ringjer Universitetet i Oslo er eg sikker på at slik informasjon er minst like vanskeleg å få tak i der som hjå oss.

– Kvifor har ikkje skulane tilgang til slike tal?

– Westerdals til dømes er ein gamal skule som har jobba med dette lenge, og dei har jo tilgang til slike tal. Mens Bilder Nordic er ein heilt ny skule der me akkurat har byrja arbeidet med å utarbeida slike undersøkingar.

– Så dette er noko de jobbar med?

– Dette er ting me jobbar med, ja. Det er jo viktig for oss at etter utdanninga dei tar, om ikkje så er det ingen vits for oss å oppretthalda desse skulane.

Les saka i Universitas!