Ungdom blokkerer mor på Facebook

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blokkerer mor på Facebook

Heile 38 prosent av ungdom mellom 13– 15 år fortel at dei har avvist familiemedlemmer på Facebook. Det same gjeld 36 prosent av ungdom mellom 18 og 22 år. Det kjem fram i ein undersøking gjennomført ved NTNU, skriv Stavanger Aftenblad.

Forskaren som har gjennomført undersøkinga, er ikkje overraska.

– Det er dei unge som ønskjer å halde foreldra ute av Facebook. Det er mogleg dei vil skjule personlege ting, og at dei ser Facebook som sin egen personlege arena som dei ikkje vil foreldre skal bry seg med. Dei vil ha sin eige stad, seier førsteamanuensis Berit Skog ved NTNU.

Facebook-undersøkinga ho gjorde i fjor, viser også at i motsetning til dei unge har berre éin av ti brukarar over 39 år avvist familiemedlemmer.

– Det kan tyde på at det er mindre viktig for dei eldre. Svært mange under 13 år har derimot foreldra på Facebook. Det tyder på at foreldra har gitt løyve til å vere der sjølv om ein eigentleg skal vere over 13, mot at dei får følgje med på kva barna gjer.

Heile 69 prosent av ungdommane mellom 18 og 22 år har avvist folk dei ikkje likar. Eit fleirtal i alle aldersgrupper over 13 år har gjort det same. (©NPK)