Ni av ti vil ha jordbruk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette talet er større enn på noko måling sidan målingane starta i 1979.

Eit stort fleirtal av dei spurde, 79 prosent, er også positive til å løyve pengar til landbruket over statsbudsjettet, går det fram av målinga.

– Dette er ein fantastisk styrke for det norske jordbruket. Vi skal gjere alt det vi kan for at tilliten blir gjort om til praktiske og politiske resultat, seier bondelagsleiar Nils T. Bjørke.

Dei spurde seier at det å produsere norsk kvalitetsmat er den viktigaste grunnen til at jordbruket bør haldast oppe på dagens nivå. Den nest viktigaste grunnen er å halde liv i bygdene og sørgje for at det bur folk i distrikta. (©NPK)