21.000 mål er frigitt av Forsvaret
Frigjeringa av forsvarseigedommar har bidrege til at friluftsarealet i Noreg er utvida med eit areal tilsvarande 2.900 fotballbaner dei siste åra.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sidan 2005 er nesten 21.000 dekar, fordelt på rundt 70 forsvarseigedommar over heile landet, sikra som friluftsområde for allmenta. Det er eigedommar som tidlegare var i Forsvarets bruk, og der allmenta før hadde ingen eller berre avgrensa tilgjenge, skriv Nationen.
– Unike naturperler, strandsoner og utkikkspunkt blir sikra på denne måten for det breie lag av folk i overskodeleg framtid, seier Ivan Fjeldheim-Pettersen, kommunikasjonssjef i Skifte Eiendom.
Vestfold er det fylket der flest forsvarseigedommar; til saman 15, på til saman 1.500 dekar, er opna for allmenta.
– Hovudtyngda av desse eigedommane er gamle utkikkspunkt, tradisjonelt nytta som kystmeldestasjonar. Dette er etablerte turmål for både lokalsamfunn og tilreisande, seier Fjeldheim-Pettersen.
Nokre av eigedommane som er avhendte er små øyar, holmer og skjær som særleg er populære blant båtfolket. (©NPK) folk i distrikta. (©NPK)