Nynorskfeministane
Stilig nynorskmarkering på landsmøtet


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nynorsk- feministane
Sogn og Fjordane SV stod for ein veldig stilig nynorskmarkering som vart lagt merke til på SV-landsmøtet. Fleire stilte med stilige nynorskfeminist-T-skjorter, i tillegg overrekte fylkesleiar Hege Lothe, ei «I love nynorsk»-T-skjorte til Kristin Halvorsen.
– Kristin Halvorsen går av som partileiar, men forset i jobben som Kunnskapsminister. Ho fekk «I love nynorsk»-T-skjorte for å hugse den aller viktigaste jobben som Kunnskapsminister, seier Hege Lothe, leiar i Sogn og Fjordane SV.
– Dersom ein svekkjer sidemålsordninga er ikkje det ei styrking av nynorsken, men ei svekking. For å sikre jamstelling mellom nynorsk og bokmål treng vi ei god sidemålsordning, seier Hege Lothe, som også heldt innlegg om saka på landsmøtet.