EU let seg ikkje truge

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Miljøministrane i EU var samla til møte i Brussel fredag og skulle der mellom anna skulle diskutere avgiftene på klimautslepp frå flytrafikken etter at Kina no har innført straffetiltak i protest mot avgiftene.

Men EU lar seg ikkje true av Kina, seier den danske miljøvernministeren, Martin Lidegaard. Han leier ministermøtet i Brussel ettersom Danmark for tida har formannskapen i EU.

– Så lenge vi ikkje har fått ein felles internasjonal avtale om klimautslepp frå luftfarten, kjem EU til å halde fast på ETS-systemet sitt, seier Lidegaard og viser til kvotehandelssystemet i EU. (©NPK)