Kvinnejobbar meir verdt enn oljen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Finansministeren bør takke norske kvinner dagleg, sa statsminister Jens Stoltenberg (Ap) då han presenterte det ferske reknestykket frå Finansdepartementet under eit 8. mars-arrangement i Oslo torsdag.

Yrkesdeltakinga til norske kvinner har auka frå knapt 50 prosent på byrjinga av 1970-talet til over 75 prosent i dag. Det er 16 prosentpoeng meir enn snittet av industrialiserte land i OECD.

– Dersom yrkesdeltakinga til norske kvinner skulle bli redusert til snittet i OECD, ville verdien av dette produksjonstapet motsvare heile oljeformuen vår, også det som er under bakken, seier Stoltenberg.

Statsministeren meiner kvinnene er ein underspelt faktor når historia om det han kallar den norske modellen skal skrivast.

– Den norske modellen er utenkjeleg utan likestilling og kvinnedeltakinga i arbeidslivet, seier Stoltenberg. (©NPK)

Prøv vår Kvinnekampsquiz her!