Husmødrer på frammarsj

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kvinnedagen er framleis aktuell, seier Hannah Markus, som studerer samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen (UiB).

Ho får støtte frå veninnene Kristina Wensaas og Gunhild Laxaa.
 
Dei har alle eit medvite forhold til likestillingsprosjektet og kvinnedagen. Jentene meiner det er viktig å engasjere seg som student, fordi ein er med på å skape framtida og påverke den framtidige arbeidsmarknaden.
 
– Det er langt ifrå eit likestilt samfunn i dag. Det er framleis mange ting vi kan endre her i Noreg. Til dømes gjev ein ikkje same lønn for same jobb til kvinner og menn, seier Markus.
 
Sjølvsagte rettar
Jentene meiner det er viktig å markere kvinnedagen for å syne solidaritet med kvinner i andre land. Sosiologistudenten Kristian Drivenes ser ikkje poenget med å demonstrere her til lands.
 
– I Noreg kan jenter velje å gjere det same som gutar. Eg trur i alle fall ikkje at kvinnelege studentar går omkring og føler seg undertrykte, seier han.
 
Markus peikar på arbeidet tidlegare feministar har gjort som årsaka til at ein har det så fint i Noreg. Ho trur mange ser desse rettane som sjølvsagte i dag. Jentene meiner engasjementet har søkke dei siste åra, og at ein har gått bort frå likestillingsprosjektet.

– Dette er urovekkjande. Samfunnet vert styrt av menn og mange strukturar heng framleis att. Ein blir dytta inn i mønster, og unge jenter vert ikkje gjort merksame på det, seier Markus.
 
Professor Anne-Hilde Nagel underviser i kvinne- og kjønnshistorie. Ho ser heller ikkje heilt den same drivkrafta som før, når det gjeld likestilling.

– Mange av sakene ein kjempa for i den nye kvinnerørsla, vart realisert og slege fast som politiske målsettingar. No trur mange at vi har oppnådd likestilling, seier ho.

Prøv vår Kvinnekamp-quiz her!
 
«Cupcake-blogging»
Dei siste åra har ordet husmor fått ein meir positiv klang, og fleire unge bloggarar skildrar ein kvardag fylt med husarbeid og heimeliv. Førre veke heldt Studentersamfunnet debatten «Den nye husmora», der dei diskuterte romantiseringa av husmorrolla.

– Vi diskuterte kva denne blogginga har å seie for likestillinga, om det er eit steg attende med tanke på feminisme, seier møteleiar Silje Stavdal.

Ho meiner husmortrenda i dag er ei form for sjølvrealisering, i motsetnad til på 50-tallet, då det var sjølvoppofring. UiB-student Markus er likevel negativ til trenden.

– Eg tykkjer det er heilt fælsleg med slike «cupcakebloggar». Er det dette unge jenter vil, å syne at dei kan bake? Er vi tilbake der, spør ho.

UiB-professoren trur ikkje unge tenkjer på konsekvensane av slike trendar.

– Det følgjer noko av det, det er rammeordningar og mindre økonomisk sjølvstende. Det er positivt dersom folk ønskjer seg ein rolegare kvardag, at ikkje alle familiemedlemma må springe av garde tidleg kvar dag. Feilen er når det blir systematisk feilfordelt, hevdar Nagel.

Utskjelde sytarar
Drivenes er ikkje imot likestilling, men tykkjer dei som kjempar for det, har ein tendens til å bli litt pirkute.

– Til dømes er det stor oppstandelse fordi det er ein mann på fotgjengarskilta. Det er irriterande at ein skal bruke skattepengane sine på å få fjerne hatten frå alle skilta for å gjere det kjønnsnøytralt. Tenk på alt vi kunne brukt pengane til, seier han.

Wensaas trur slike ting gjer feminisme til eit skjellsord og at feministar verkar sytete.

– Det er ikkje slike ting det eigentleg handlar om. Det syner på ny at det er viktig med kvinnedagen. Det er eit fint høve til å snakke om feminisme, seier ho.

Les saka i Studvest!