Elise Hetlevik (21) har følgt etter mamma og mormor. Forsking syner at besteforeldre betyr mykje for vala du tek.

Kristne Askvik
Kristne Askvik

– Eg er eigentleg for gammal, seier Anlaug Totland (68) og gliser. 

– Dei snakkar om å heve den pensjonsalderen, så du kan no halde ut litt til, repliserer dottera Linda Hetlevik (43). 

Dotterdottera Elise berre smilar. Ho må vere kjapp om ho skal klare å svippe inn ein replikk. 

LES OGSÅ: Ap vil la eldre jobba til dei blir 75

Alle tre er inne i sunnhetsuniformen, raude jakker med Grete Roede på brystet. Anlaug starta karriere på byrjinga av 80-talet. Linda då ho var 18. Elise byrja òg så tidleg. 

No er Linda regionssjef, medan Anlaug og Elise er kursleiarar. Linda overtok jobben som regionssjef frå Anlaug. 

– Korleis er det å jobbe saman? 

– Det fungerer bra. Mamma er sjefen min i jobbsamanheng. Ein må hugse å skilje familie og jobb fra kvarandre, seier Elise.

– Vi har problem når resten av familien er der, vi må ikkje snakke for mykje Roede. Dei vert så møkklei av å høyre på oss, seier Anlaug. 

Elise går no andre året på folkehelse ved Universitetet i Bergen. 

– Eg er oppvaksen med mykje aktivitet og eit sunt kosthald. Men ingen har pressa meg til å velje å studere folkehelse, eg gjer det fordi det interesserer meg, seier Elise. 

Besteforeldre er viktige
Forskning syner at besteforeldre sine eigenskapar har mykje å seie for val av vidaregåande utdanning. Besteforeldre utgjer ein skilnad når det gjeld val av utdanning. 

– Det er ikkje berre foreldrene sin klasseposisjon som har noko å seie, men òg besteforeldrene sin sosiale posisjon, seier professor Marianne Nordli Hansen ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo. Ho står bak forskinga. 

LES MEIR OM YRKESVAL HER!

Blant dei som har foreldre i den såkalla eliteklassen, men besteforeldre i arbeidarklassen, vel kring 50 prosent med gjennomsnittleg karakter allmennfag. Blant dei med både foreldre og besteforeldre i eliteklassen, vel 75 prosent allmennfagleg. 

Støttar kvarandre
– Korleis har bestemor påverka deg? 

Bestemor kjem Elise i forkjøpet. 

– Vi har budd tett i tett, seier ho. 

– Eg ser opp til deg, du er en autoritet som har mykje erfaring, seier Elise. 

– Eg er så kry over at eg deltek på timane dine på Sats, seier bestemor. 

Bestemor var der då Elise hadde sin aller fyrste undervisningstime på Sats. 

– Eg var litt nervøs før den timen. Då sto bestemor heilt bak og smilte. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE