Ap vil la eldre arbeida til dei blir 75

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ap vil la eldre jobba til dei er 75 år

Arbeidarpartiet meiner aldersgrensa på 70 år i arbeidsmiljølova bør hevast til 75 år slik at eldre som ønskjer å arbeida ikkje blir tvinga ut av arbeidslivet.

I pensjonsreforma blir det lagt opp til eit fleksibelt uttak av pensjon frå 62 til 75 år, medan aldersgrensa i arbeidsmiljølova er på 70 år. Det betyr at arbeidsgjevarane har rett til å tvinga folk ut i pensjon, sjølv om dei sjølve har lyst til å halda fram. Dermed går verdfull arbeidskraft tapt, meiner pensjonspolitisk talsmann i Ap, Steinar Gullvåg.

– Vi blir jo friskarar og friskare, og vi lever lenger og lenger. Arbeidsevna vår aukar, og dei eldre er ein ganske stor ressurs, seier han til NRK.

Han meiner partane i arbeidslivet bør syta for at eldre som ønskjer det kan arbeida også etter at dei er 70.

Han får solid støtte frå 69-åringen Egil Drillo Olsen. Han reknar med å halda fram som fotballtrenar i alle fall til han blir 71.

– Kunnskap er viktig, og han blir ikkje borte med ein gong sjølv om du passerer 70 år, seier han. (©NPK)

Kva synst du om forslaget? Bør ein tillata eldre å arbeida lenger, viss dei vil? Og er dagens pensjonsalder for låg?