Syng for nynorsken

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trekkjer kniven for nynorsken

I ein YouTube-video henta frå humorprogrammet «Torsdag kveld fra Nydalen», får du sjå og høyra kampsong utanom det vanlege.

Herborg Kråkevik byrjar songen. Kledd i bunad syng ho alvorleg etter melodi frå Michael Jackson-klassikaren "Earth Song":

Kva med ord som "kjærleik" eller "løyndom" og "møy". Kva med poesien – no viss nynorsken skal døy?

Så følgjer Odd Nordstoga, Liv Signe Navarsete og Bård Vegar Solhjell opp.

QUIZ: Kva veit du om bokmål?

– Eg får lyst til trekkje kniv! seier Odd Nordstoga, men det er lett å sjå at han har vanskar med å halda seg alvorleg.

Navarsete klinkar til med "Dei veit ikkje kva dei pratar om!" i karakteristikken av nynorskmotstandarane, med klar referanse til sitatet som fall i møtet med sjukehusforkjemparar i Nordfjord.

Det er ikkje første gong Liv Signe Navarsete stiller opp i programserien på TV2. I oktober i fjor var ho gjesteprogramleiar.

Komande torsdag brakar det laus i Nydalen igjen.