For første gong er over 6000 uteksaminert innanfor realfag på eitt år.

mm

Statsråd for forskning og høyere utdanning, Tora Aasland, kan slå fast at talet uteksaminerte ingeniører er det høgaste på ti år.

– Ved mange studiestader har problemet til no vore at det har vore for få studentar, ikkje for få studieplassar. No ser det endeleg ut til at interessa for ingeniør- og andre realfag er i ferd med å ta seg opp igjen. Det er framleis stor trong for ingeniørar og andre med realfagsutdanning ute i samfunnet, men desse nye tala viser at vi er på rett veg, seier Aasland. 

Auken har vore på 21 prosent sidan botnåret i 2008 og på 12 prosent fra 2010 til 2011. Størst vekst har det vore innanfor teknologifag – noko som oftast gjeld utdanningar på masternivå.

Regjeringa har sett i verk fleire tiltak for å få fleire til å velja realfag. I tillegg pågår det mange tiltak i grunnskulen. 

– Det er viktig å styrkja både matteopplæringa og pirra nysgjerrigheita for realfag og teknologi tidleg i utdanningsløpet, understreker statsråden i ei pressemelding.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35
ANNONSE