Her er verdas største universitet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Indira Gandhi Nasjonale Opne Universitet har ti gonger meir studentar enn det nest største universitetet i verda og fleire studenter enn talet på innbyggjarar i Latvia og Estland til saman.

Universitetet i Oslo (UiO) er det største universitetet i Noreg med over 25.000 studentar. Men samanlikna med indiske Indira Ghandi Nasjonale Opne Universitet (IGNOU) i den sørlege delen av den indiske hovudstaden, er UiO ein miniputt.

Talet på registrerte studentar ved IGNOU har dobla seg dei siste åra, og tel no opp mot fire millionar studentar.

Det nest største universitetet, Universitetet i Phoenix (UiP) i USA, har kun ein tiandedel av studentmassen til IGNOU. Dessutan dreiar dette seg om UiP sin nettbaserte campus, skriv det amerikanske magasinet Time.

Enkelt å kome inn
Som universitetet sitt namn tyder på, er det enkelt å kome inn og ta fag ved IGNOU, og det er inga konkurranse om studieplassane.

Campuset er òg relativt lite, og dette skuldast at mange av studentane tek emne via brevutdanning, eller får undervising gjennom radio- og tv-sendingar.

Vise-prorektor Perumalsamy Renga Ramanujam har ei forklaring på den eksplosive veksta til universitetet.

– Middelklassestudentar får ikkje nok moglegheiter i universiteta og høgskulane.

Han fortel Time at òg fattige indarar som bur i rurale område eller i slummen òg har direkte tilgang til emna på universitetet.

Andre opne universitet veks og kraftig, Nalanda Open University i Bihar, den fattigaste og staten med lågast utdanningsnivå I India, gjekk frå omlag 1500 til 40000 studentar på ti år.

Tvilar på kvaliteten på studia
Sjølv om ein del ekspertar stiller spørsmålsteikn ved kvaliteten på studia ved dei opne universiteta i landet, kan dei vere viktige for å nå utdanningsmåla for India. Meir enn 15 prosent av indarane som tek høgare utdanning blir no utdanna på slike universitet.

Dei opne universiteta i India brukar òg meir og meir utradisjonelle metodar og material som wikiar der studentar og lærarar kan dele stoff og digitale bibliotek. IGNOU legg ut alt gratis på nettet slik at studentane kan lære utan å betale, og andre skular kan låne idèar eller kopiere heile kurs.

Typiske utdanningar ved dei opne universiteta i landet er praktisk kunnskap og opplæring om datamaskiner og landbruk. Men òg førebuing til eksamineringa som den indisk statstenesta held som kan gje moglegheit for ein langsiktig jobb i offentleg forvalting er viktig.

IGNOU tilbyr òg avanserte gradar i teknologi og ingeniørfag i tillegg til fransk- og kjønnsstudier.

Følgjer ikkje opp dei som sluttar
Men ekspertar er skeptiske til oppfølgjinga av studentar som tek emne heimefrå utan å vere til stade på campus. IGNOU følgjer ikkje opp studentar som vel å slutte ved universitetet.

Ramanujam ved IGNOU seier studiekvalitet er det viktigaste målet for universitetet.

– Dei opne universiteta byrjar etterkvart å få meir og meir aksept, og òg meir prestisje.

Pawan Agarwal, rådgjevar i Indias komité for planlegging av høgare utdanning, meiner opne universitet gjer ein veldig viktig jobb der tradisjonelle skular ikkje kan bli bygd. Men Agarwal seier til Time at ikkje alt ved opne universitet er positivt.

– Dei har ekspandert veldig raskt, og det burde vere nokre uromoment ikring dette.

Les saka i Universitas!

Les meir om IGNOU