Råd for eit godt liv på bygda

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi veit byen er der, men vi saknar den ikkje, fortel Tonje Orum og Trine Lothe. Dei har begge flytta frå hovudstadsområdet, til bygda Øyfjell i Vinje kommune. Her var det nemleg både fjell, god stemning og spanande arkitektur på troppane.

I Øyfjell er det nemleg bygd ein prøvebustad, for dei som vil prøve bygda. Med kjende arkitektar og flotte tomter, hengde Tonje og Trine seg på. For dei hadde bestemt seg for at dette var staden. Bygd over same lest, ligg det no tre ”eplekasse” i lia. 

– Det var nok litt debatt om desse husa, og nokre meinte dei ikkje hadde noko med Telemark å gjere. Med dei er bygd av kortreiste materiale og er faktisk inspirert av lokal byggeskikk, forklarer damene.

LES OGSÅ: Oppgjer med heimflyttinga

Elskar vinteren
– Eg hadde ingen band til Øyfjell og ingen familie her, så det var jo kjempeskummelt å flytte. Men så var det berre som å kome heim, seier Tonje.

Inkluderande bygdemiljø og stabile vintrar, er to av tinga begge nabodamene liker best med livet i Øyfjell. 

QUIZ: Har du peiling på norsk geografi?

– Vi er jo begge veldig glad i friluftsliv, så det er det jo alle høv til å drive med her. Med ungar i skulealder, er eit viktig moment den gode grendeskulen. Og så er det faktisk veldig mykje som skjer, fortel Trine og Tonje.

Moderne samfunn
– Det er eit moderne samfunn altså, vi føler fint lite på kjensla av ur-Telemark i kvardagen. Det næraste vi kjem nasjonalromantikk, er nok livet på Rauland i påskeveka, då er det nok av nikkersar og telemark-kofte, bedyrar Trine og Tonje.

LES OGSÅ: – Utkant-Noreg bør læra av Finnøy

Dei skildrar telemarkingane som litt trauste, men veldig lune og ganske avslappa. 

– Det vi stussar litt på, er at ingen syklar til jobben og at ein gjerne tek bil heilt fram til døra. For ein har jo all den vakre naturen rundt seg, men den er liksom ikkje kvardag. Vi vert sett stor pris på som innflyttarar, og kjem veldig godt overeins med telemarkingane altså, avsluttar nabodamene.

Faktaboks

Her får du Trine og Tonje sine råd for livet på bygda.

1. Du må ha lyst til det. Alt vert mykje betre om du har genuint lyst til å bu på ein slik plass.
2. Vær aktiv sjølv. Då skapar du både aktivitet i bygda, og ikkje minst vert du kjent med folk.
3. Det er heilt klart ein fordel å vera glad i naturen. Mange bygder er perfekte om ein likar slik som fjellturar, skikøyring og padling.
4. Hugs at byen aldri er langt unna.
5. Ta deg betre tid. Det er heilt sant, tida går faktisk litt saktare på bygda. Den tida kan ein til dømes bruke til å vera på butikken litt lenger.
6. Er du i tvil om bygda er tingen, ta ein kikk på bustadutgiftene dine. Sjølv etter å ha bygd fantastiske hus, bruker vi mykje mindre på å bu her i Øyfjell!