Unge kan ikkje symja

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det blir berre verre og verre, seier generalsekretær Bjørn Soleng i Norges Svømmeforbund til NRK.

Tal frå Forsvaret viser at tilstanden er aller verst i Telemark, der éin av tre 18-åringar ikkje kan symja 200 meter. Telemark er også blant dei fylka som kjem dårlegast ut i undersøkinga til Symjeforbundet om symjeundervisning til 5.-klassingar.

– 70 prosent av desse elevane har ikkje symjeundervisning på skulane. Til samanlikning er talet på landsbasis 57 prosent, seier Soleng til Nynorsk pressekontor.

Best i vest og nord
Den beste symjedugleiken finn vi i Sogn og Fjordane og dei tre nordlegaste fylka. Her kan ni av ti symja, går det fram av tala frå Forsvaret, fortel NRK.

Men generelt står det dårleg til med symjedugleiken blant vernepliktige. På ti år har det blitt dobbelt så mange vernepliktige som ikkje kan symja.

– Start tidleg
Symjeforbundet ser alvorleg på utviklinga.

– Ein kan nesten definera det som eit handikap å ikkje kunna symja som vaksen i Noreg i dag, seier Soleng til NRK.

Ifølgje opplæringslova pliktar kommunane å gje symjeopplæring, men stram kommuneøkonomi har ført til at mange kommunar har tømt bassenga.

Soleng meiner det er svært uheldig og fryktar at mangel på symjeundervisning blir starten på ein vond sirkel.

– Korleis skal foreldre kunna læra eigne barn å symja viss dei ikkje kan symja sjølve, spør han.

Han meiner symjeundervisning er ei investering for framtida og rår til at undervisninga startar allereie frå første klasse. (©NPK)