– Gi studentane uføreforsikring

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag gjekk Birgit Skarstein ut i Dagens Næringsliv og uttalte at unge uføret er rettslause. Ho vart sjølv lam frå livet og ned etter ein feilsatt epiduralbedøving.

NAV foreslo at ho søkte om langvarig uføretrygd. Skarstein skal ha svart at det ikkje er noko i vegen med hovudet hennar og at ho ikkje ynskte å vere ufør. Skarstein blei seinare med på TV-programmet "Utan grenser", og sit no som leiar for Velferdstinget i Oslo.

– Eg synst det er heilt forkasteleg at ein ikkje ser på unge menneske som ein ressurs. Det er heilt klart at ein skal ha høve til å delta i arbeidslivet og vera ein ressurs for samfunnet sjølv om ein kan ha noko større utfordringar enn andre. Uføretrygd skal aldri vera den første utvegen, uttalar sentralstyrevara i Framstegspartiets Ungdom, Karine Skara.

Dersom ein blir ufør som ung i dag har ein svært få rettar. Er ein student, har ein som regel ei minimal inntekt og ingen opptening av pensjon i folketrygda. Dermed risikerer ein å enda opp som minstepensjonist heile livet.

– Ein må få på plass eit betre vern for studentar enn det ein har i dag. Eg er glad for at Frp i det alternative statsbudsjettet sitt foreslo at staten skal teikna ei uføreforsikring for alle studentar. At ingen av dei andre partia ynskte dette kan eg bare ikkje skjøna, uttalar Skara.

– Det er eit klart mål for oss at studentar skal vera like godt ivaretatt som arbeidstakarar, uttalte dåverande leiar av Norsk studentorganisasjon, Anne Karine Nymoen i fjor.