Brei front mot Google

Google endrar i dag personvernrutinar og brukarvilkår, slik at all data og historikk om deg blir samla i ein stor profil.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Google har varsla at dei skal synkronisere data frå alle dei 60 ulike tenestene sine frå 1. mars. Dette tyder at det du har gjeve Google lov til tidlegare gjennom ulike tenester kan brukast i heilt andre samanhengar.

Samstundes sleg selskapet saman personvernreglane for tenestene til eitt regelverk. Desse reglane skal gjelde overalt, men utan at du får sjansen til å velje å takke nei til endringane.

Forbrukarorganisasjonane i Europa og USA ber Google droppa planane.

– Konsekvensa av praksisen til Google blir at absolutt all informasjon om deg og dine søk, surfehistorikk og kontaktar blir samla i éin stor profil, seier fagdirektør Thomas Nortvedt i Forbrukarrådet.

– Google balanserer truleg heilt på kanten av kva som er lov etter europeisk personvernlovgjeving. Samstundes er Google i ferd med å byggje komplette profilar på oss som nettbrukarar – òg med namn.

TACD, organisasjonen som samlar dei leiande forbrukarorganisasjonane i Europa og Nord-Amerika, går no ut og ber Google utsetje endringane. TACD syner mellom anna til det franske datatilsynet, som i eit brev til Google meir enn antydar at endringane vil vere i strid med europeisk lovgjeving.