Vil tilby psykolog hjå Ikea

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Presidenten i foreininga, Tor Levin Hofgaard, viser til at det er eit slikt tilbod på ein fotballstadion i England der fleire menn har teke kontakt.

– Dei stikk kanskje ikkje innom første gong dei går forbi, men andre eller tredje gong. Tilbodet bidreg til å alminneleggjere psykiske vanskar, og terskelen for å ta kontakt blir lågare, seier Hofgaard i eit intervju i Mental Helse-magasinet, Sinn & Samfunn.

På landsbasis ønskjer foreininga at det blir bygt ut ei varig lågterskel psykologteneste i kommunane. Presidenten seier at erfaringane frå kommunepsykologane viser at det i snitt er nok med fire til fem konsultasjonar, men det manglar ei finansieringsordning som sikrar at dette blir eit permanent tilbod.

– Det er løyvt pengar til pilotprosjekt og forsøksordningar. Mange kommunar har søkt og fått pengar. Men stillingane som blir oppretta er ofte mellombelse. Utan permanente stillingar blir ikkje tilbodet robust, seier Hofgaard.

Låg terskel og førebygging er i tråd med samhandlingsreforma.

– Eg er redd for at psykisk helse blir sett på vent. Reforma gir tydelege signal for somatikk, men ikkje for psykisk helse. Kommunane har fått eit eksplisitt ansvar for psykisk helse. Men det er sagt lite om korleis dei skal handtere det, seier han.

Norsk Psykologforening meiner det trengst rundt 2.000 psykologar i kommunane for å gi eit godt tilbod til befolkninga. (©NPK)