– Noreg må skape grøn økonomi

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg gjer ikkje nok for å skape ei grøn næringsutvikling, viser ein rapport utført av Econ Pöyry på oppdrag for YS og WWF.

– Vi ligg dårleg an når vi måler kor grøn den norske økonomien eigentleg er. Årsakene er den kraftige fokuseringa på petroleumsnæringa, presset på naturressursane og at vi manglar ein overordna, politisk plan, seier leiar for Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS), Tore Eugen Kvalheim.

Konsulentselskapet Econ Pöyry har utvikla eit verktøy for å måle kor grøn ein sektor, næring eller institusjon er. Analysane viser blant anna at transport- og petroleumssektoren kjem dårleg ut, medan sektorane for fornybar energi og helse skårar godt.

– Alt ligg til rette for å snu den norske økonomien i ei grønare retning. Vi har eit høgt utdanningsnivå, rik tilgang på naturressursar og alle føresetnader for å produsere på ein ressurseffektiv måte, seier påtroppande generalsekretær, Nina Jensen, i Verdens Naturfond (WWF).

Kvalheim spår at Noreg risikerer å tape i kampen om dei grøne arbeidsplassane.

– Skal vi sikre medlemmene våre berekraftige arbeidsplassar og gode arbeidsvilkår, er vi nøydd til å tenkje grønt, seier Kvalheim. (©NPK)

Korleis meiner du den norske økonomien kan bli grønare?