Nettsidene til universitetet i Trondheim (NTNU) har dei seinare åra hatt berre tre prosent nynorsk. Det synest Språkrådet er så elendig at dei har bedt Kunnskapsdepartementet om å gripe inn.

NPK
NPK

Det er NTNUs eigen årsrapport som viser at nynorsken er forsvinnande lite å sjå i kommunikasjonen med omverda. Det har ikkje hjelpt at Språkrådet fleire gonger før har gjort NTNU merksam på at dei er svært langt unna kravet i mållova om at minst ein firedel av tekstproduksjonen skal vere på nynorsk.

– Sjølv om statsorganet har gitt oss lovnader om betre resultat, har vi sett liten framgang i målbruken. Det gir oss inntrykk av at institusjonen ikkje tar mållova på alvor, skriv Språkrådet i eit brev til Kunnskapsdepartementet, der dei òg ber departementet om å leggje trykk på NTNU.

Uvanleg
Det å be departementet om hjelp er eit uvanleg grep, fortel språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen til NTNUs eiga avis, Universitetsavisa.

– Det er ikkje vanleg. Det har å gjere med at NTNU har såpass langt å gå. Dei har hatt låg nynorskdel i fleire år, og vi har ikkje sett tiltak som har betra situasjonen, seier Vonen.

Han meiner det er særs viktig at statsinstitusjonar som NTNU sørgjer for å gjere den pressa nynorsken meir synleg.

– Sjølv om NTNU geografisk sett hører til i Trondheim, er det eit universitet for heile landet, og som rekrutterer studentar frå heile landet, seier språkdirektøren.

Krafttak til hausten
NTNU har no klare ein del tiltak som skal få opp nynorskprosenten til hausten. Mellom anna skal omsetjarprogrammet Nyno – som automatisk omset bokmålstekstar til nynorsk og omvendt – takast i bruk, opplyser informasjonssjef Christian Fossen til Universitetsavisa.

Tal frå studieavdelinga ved NTNU viser at 5,5 prosent av studentane ved universitetet har nynorsk som hovudmål. Det tilsvarande talet for Universitetet i Oslo er 2,5 prosent. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

Kommentarar

ANNONSE