Åtte av ti er positive til vindkraft, viser spørjeundersøking.

NPK
NPK

TNS Gallups klimabarometer viser at meir enn åtte av ti har eit positivt inntrykk av landbasert vindkraft, skriv Nationen.no. Det utgjer ein auke på 15 prosentpoeng sidan 2009.

84 prosent av befolkninga er positive til vindkraft på land. Enda fleire, 89 prosent, har ei positiv haldning til vindkraft til havs. Berre vasskraft får større oppslutnad, opplyser avisa.

Prosjektleiar i TNS Gallup, Daniel Rees, viser i ei pressemelding til at ei forklaring truleg er at fornybar energi er det nordmenn først og fremst tenkjer på som klimatiltak. Etter det som kjem fram av undersøkinga synest åtte av ti at Noreg satsar for lite på utbygging av fornybar energi. (©NPK)

Bør det byggjast meir vindkraft i Noreg?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE