Globalt samarbeid skal redde verdshava

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samarbeid skal redde verdshava

– Hava er i fare, og utfordringa er så enorm at det ikkje finst noko land eller nokon organisasjon som kan takle dette på eiga hand, åtvarar banksjef, Robert Zoellick.

Han lanserte eit nytt partnerskap for bevaring av hava på ein konferanse i Singapore fredag. Både land, internasjonale organisasjonar, forskarar, private selskap og ei rekke andre aktørar deltok.

– Vi er avhengige av ein koordinert global innsats for å lækje hava, heiter det i ein tale Zoellick heldt under konferansen.

Rundt 85 prosent av fiskeria i verda er enten fullt utnytta, overutnytta eller øydelagde, ifølgje Verdsbanken. Mange artar har allereie fått leveområda sine rasert.

Det nye partnarskapet håpar å skaffe til vegar 1,5 milliard dollar, tilsvarande 8,5 milliardar kroner, som skal brukast til å byggje opp att fiskebestandar og hindre miljøøydelegging over dei neste fem åra. (©NPK)