Rekord-dyrt å fylla tanken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trur på høgare bensinpris

Denne veka steig prisen på bensin og diesel til nye høgdar. Fleire bensinstasjonar i distriktet prisa 95 oktan bensin til over 15 kroner literen, som her ved Statoil i Ølensvåg tysdag morgon. Også prisen på diesel er uvanleg høg.

– Dette er ny prisrekord på bensin, seier pressetalsmann Knut Hansen i Statoil Fuel & Retail til E24.no.

Det er fleire grunnar til at prisane på drivstoff har stige jamt og trutt den siste tida. Råoljeprisen er høg, det er høgt uttak frå bensinlagra i USA på grunn av lågare produksjon på austkysten som fører til eksport frå Europa, og i tillegg har franske Petroplus stengt fleire av sine raffineri, skriv nettstaden.

Prisane i Noreg varierer på grunn av ulik transportkostnad. I Nord-Noreg kan pumpeprisen for 95 oktan ligga på 16 kroner. Auke i dei norske bensinavgiftene med ti øre literen frå nyttår er også ein del av bildet. Dette gjer at offentlege utgifter nå utgjer nesten sju kroner for kvar liter bensin.

Ekspertane trur at nordmenn må rekna med at bensinprisen kan auka ytterlegare framover. Landets fremste oljeanalytikar Oddvar Bjørgan i Sparebank1 Markets seier til P4 at utviklinga er avhengig av utviklinga ute i verda.

– Dersom det skjer eit militært angrep i Iran, med den effekten at oljeeksporten der stoppar, så er det ingen tvil om at oljeprisen kan gå mykje høgare opp enn det den er i dag, uttaler Bjørgan.

Les saka i Grannar!