Når ekstatiske ungdomar kjøper russebuss, kan dagen derpå kome hardt og brått.

mm
Faktaboks

Sjekkliste for eit sikkert bilkjøp
• Bruk skriftleg kontrakt, til dømes Forbrukarrådet sin
• Undersøk bilen nøye. Bruk Forbrukerrådets tilstandsrapport Om du ikkje er bilkyndig, eller kjenner nokon som er det, anbefalar vi ein salstest som du mellom anna kan få hjå NAF.
• Undersøk km-standen åt bilen og årsmodell.
• Undersøk om serviceheftet i bilen er heilt utfylt.  
• Undersøk om bilen har hatt skade.
• Sjekk at bilen er EU-godkjend (men det erstattar ikkje salstest).
• Undersøk om det er noko gale på bilen.
• Sjekk kven som er den rette eigaren til bilen.
• Sjekk om det følgjer garanti med bilen.

LES FAKTALUKK FAKTA

Russen bør vere ekstra nøye når dei skal kjøpe bil eller buss, seier Ingeborg Flønes direktør for forbrukarservice i Forbrukarrådet.

Ofte er det deira første bilkjøp, og dei fleste har ikkje sertifikat for bil, og i alle fall ikkje buss. Når du ikkje eingong kan prøvekøyre, er det viktig å få hjelp til å vurdere tilstanden på køyretyet, påpeikar ho.

Då Flønes la fram oversikt over kva Forbrukarrådet hjalp folk med i 2011, var det bil som låg på topp. Og då ho avslørte kva seljar det oftast vart problem med, synte det seg faktisk å vere mannen i gata, altså når privatpersonar handlar seg imellom.

Russen har i mange tilfelle spara i årevis for å få råd til draumerussebussen, og det kan sikkert vere freistande å knipe inn nokre kroner her og der. Men ein salstest hjå til dømes NAF kan syne seg å vere ei god investering.

LES OGSÅ: Vil flytte eksamen til før 17. mai

Tillitsfulle nordmenn
Her i landet tenkjer vi godt om kvarandre. Ei undersøking Forbrukarrådet har gjort syner i alle fall at berre to av tre brukar kontrakt.

Det er ein stor tabbe å droppe kontrakt, åtvarar Ingeborg Flønes. Uansett kor ærlege og velmeinande kjøpar og seljar er, så er det no ein gong slik at folk misforstår kvarandre. Bruk difor Forbrukarrådet si kontrakt, få alle løfter skriftleg, så dykk unngår å kome på kollisjonskurs om kva som er avtala. Hjå Statens vegvesen kan du undersøke om årsavgifta er betalt.

Flønes rådar òg til at dei som skriv under på kontrakta er over 18 år, eller at foreldra deira godkjenner avtalen. Det gjeld òg interne avtalar som definerer ansvaret mellom deltakarane på bilen.

LES OGSÅ: Her får russen gratis tog og buss

Når du har sjekka tilstanden til bilen, er det ein ting til du må hugse. Det kan vere endå ein løynd mangel ved bilen, nemleg i form av økonomiske heftingar.

Det finn du ut av ved å sjekke hjå Brønnøysundregisteret, opplyser direktøren for forbrukarservice. Der finn du ut om det er gjeld på bilen, og om namsfogden vurderer å hente han. Heftingar følgjer nemleg bilen, ikkje eigaren. Har du kjøpt av ein svindlar, kan du gå på ein skikkeleg økonomisk smell. Det er ein bakrus du ikkje vil starta vaksenlivet med, avsluttar Ingeborg Flønes frå Forbrukarrådet.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE