– Viste du at dei har eit bartearkiv og ei smie?
Vi leita etter løyndommane, detaljane og sjelelivet på Det Norske Teatret.

Faktaboks

Det Norske Teatret

– Skipa 22. november 1912, med Hulda Garborg som styreformann.
– Fyrste framsyning i 1913.
– Held hus i Kristian IVs gate, i teaterbygningen som opna i 1985.
– Spelar teater på tre scene, og er eit mangslunge kulturhus.
– Har om lag 250 tilsette, for kortare eller lengre tid.
– Det einaste av dei større teatera i Noreg, som er i privat eige.
– Erik Ulfsby er teatersjef.

LES FAKTALUKK FAKTA

Det vart starta av kulturhugnadsame målfolk, med Hulda Garborg i spissen. Neste år fyller det 100. Med stadig åtgaum og strålande kritikkar. Det er ikkje alt for mykje glamour på nynorsk, men det er her den finst.

Eg gjekk inn bak scena, for å leite etter sminkeborda, parykkane, vassflaskene og diskusjonane. Kapsle kvardagen, om det i det heile finst noko slikt på eit teater. Og eg fann.

Insekt og iphonar
– Når vi byrjar prøvene om morgonen seier vi god freist, det er det jo litt humor i.

Det fortel Thomas Bye, aktuell som hovudrolleinnehavar i familiemusikalen Felix’ fantastiske orkester. Akkurat denne februardagen skulle han syne fram krokane, øve på replikkane og dragse på meg som klegg.

Elles er ikkje morgonane på Det Norske Teatret så ulike morgonane i kontorlandskap og lesesalar. Det er fikling med iphonar, mørke olabukse, facebook, kaffi og tulleprat.

– Ein går ikkje med kjenslene utanpå heile tida på teateret altså. Dei færraste er rolla si, det ville vore eit sjukdomsteikn, held Thomas fram. Nett no spelar han marihøna Felix, som lyt finne sin veg gjennom verda, etter å ha vorte kasta ut av maurtua der han vaks opp.

Detaljane. Musehovud frå Felix' fantastiske orkester.

Metamorfose
Det har skjedd mykje sidan Jeppe på berget vart framført i teatersalen i Bøndernes hus 6. oktober 1913, og tiår der teateret vart kritisert for å vera eit dilettantisk programteater, som det står på Allkunne. Frå Medmenneske via West Side Story, til =Oslo, som har urpremiere denne våren.

Teateret skildrar seg sjølv som eit fullblods repertoarteater.

– Eg føler teateret har vore gjennom ei slags metamorfose. Tidligare har det kanskje vore litt vadmålsfeeling her. Det var mykje Prøysen. Og så var det litt slik at alt skulle vera tungsinn, mørkt og dystert. Men no er det jo urbant og moderne. Det har ein høg samtidsfaktor, fortel Teodor Janson, aktuell som tusenbeinet Jo i Felix’ fantastiske orkester.

Rikare forhold
Dei som likar seg i nynorskmyteland, kunne kanskje tenkje seg at skodespelarane på Det Norske Teateret hadde nynorsk i røtene, at dei kom frå Sogn eller Sunnmøre. Nett som forløparane i Det Norske Spellaget, som farta land og strand rundt, før sjølve teateret vart skipa. Men desse skodespelarane fann eg ingen av. For teateret er hipt, proft og offensivt.

– Det Norske teateret var det teateret eg hadde mest lyst til å jobbe ved, for dei sette opp så mykje bra. Eg kjem frå Krokstadelva, og hadde ikkje noko særskild forhold til nynorsk. Men plutseleg var det ein del av kvardagen, det er spanande, fortel Thomas Bye.

Søljedetaljar og jobb i staten
– Teaterfolk veit kva det er, fortalte skodespelarane eg møtte. Ingen av dei hadde nokon direkte nynorsk bakgrunn, og alle kom til teateret ved tilfelle.

Så er det ingen som lever opp til mytane, med ein eller annan form for nynorsk tvist?

– Premierepublikummet på teateret er særeigne. Du ser det liksom på dei, mange likar søljedetaljar. Eg trur dei er veldig kulturmedvitne, har høgare utdanning og kjem frå andre stader enn Oslo. Kanskje jobbar dei i staten, seier Teodor Janson, med eit skråblikk på dei som får sjå fotballopera eller ubåtdrama aller fyrst.

Pause. Svein Roger Karlsen, Unn Vibeke Hoel og Øyvin Berven, tek ei lita pause frå tilveret som maur.

LES OGSÅ: Slik blir du skodespelar

Nynorsken
– Det er ein heilt reell kamp og den har vara lenge. Skal ein uttale det de eller di. Det er det same med bedre eller betre. Det er kamp om definisjonsmakta, fortel Thomas Bye.

På det som vert rekna som den store og samlande nynorske institusjonen i landet, er diskusjonane levande. Korleis skal nynorsken høyrast ut? Kva skal vera lov? Dialekt kontra normert.

Trass alle diskusjonane, er alle samde om at nynorsk er eit fantastisk scenespråk. Og målsetjinga er klår.

– Nynorsk er veldig spanande, men det handlar jo om å gjere nynorsken praktisk. Alt kan jo ikkje vera romantisk, forklarar Thomas.

Kvardagen
Gjennom alle høgdene på teateret. (Det er eit poeng at ein bruker ordet høgd, sjølv om etasje er jamstilt i ordlista), var det både venger, fotballar og ein ubåt. Som peikar mot premierane denne våren.

Det er alltid nye stykke, nye ting og nye utfordringar. Samstundes er det alltid penselstrøk med måling, sting med nål og tråd, manus og halvtomme vassflaske.

Eg fann indre sjeleliv og nokre av løyndommane. Eg fann mange insekt, ei smie og ei metamorfose. Og eg fann kvardagane, dei har berre ein god del meir krins i krokane.