– Eg har fleire meiningar no enn før

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med framtida på timeplanen

Solveig Hamre (16) følgjer nøye med når panelet framme diskuterer mediedekninga av 22. juli.

Ho sit saman med klassekameratene frå samferdsle – og servicelina. Denne veka arrangerer Nordahl Grieg videregående skole i Bergen sin årlege Framtidskonferanse.

Temaet for konferansen, som i år blir arrangert for andre år pårad, er menneskeverd og teknologi.

– Eg har merka at eg har mykje fleire meningar no etter 22. juli. No har eg slutta med åhalde ting inne i meg, seier Hamre. Mathias Haugsberg (17) nikkar samtykkande.

– Her påskulen har mange fleire vortne politisk aktive. Mange har meldt seg inn i Unge Høgre og AUF, seier Haugsberg. Sjølv har han innmeldingsslippen liggjande heime.

– Eg tenkjer på det, seier han.

Framtidskonferanse
Tysdag var det debatt om mediedekninga av 22. juli. Marius Tetlie frå VG, Gard Steiro frå Bergens Tidende, og Kjetil H. Dale og Dyveke Buanes frå TV2 var alle einige om at ting kunne vorte gjort annleis.

– Media bør vere opne om feil som er vorte gjort, understrekar Steiro.

Advokat Einar Drægebøer bistandsadvokat for over 20 etterlatne og offer etter Utøya. Han meiner media har trampa over overfor dei pårørande.

Han nemner mellom anna bruk av bilete der gjerningspersonen rettar våpenet i skytestilling. Bilete frågravferder kan òg vere ei påkjenning for pårørande.

– Gjentatt bruk av bilete frågravferder, gir gjenskapning, seier Drægebø.

I panelet satt òg AUF-leiar Eskil Pedersen. Han meiner åha hatt eit godt samarbeid med pressa, men at det heilt i byrjinga vart gjort feil val. Han nemner til dømes at NRK-programmet Dagsnytt 18 prøvde ågjere avtalar om direkteintervju frå Utøya medan skytinga pågjekk.

– Det var nokre media som gjekk ut og sa at ein ikkje skulle ringe til Utøya, medan dei ringte sjølv, seier Pedersen.

LES OGSÅ: Rekordauke for ungdomspartia

Skaper samhald
I går møtte han 600 elevar ved Nordahl Grieg. Mange av dei ville prate med han etterpå. Dei lurar påmykje.

Pedersen er glad for at elevar syner auka engasjement.

– Det er veldig positivt. No må vi kjempe kvar einaste dag for åhalde engasjementet og interessa oppe, seier Pedersen.

LES OGSÅ: Viljar vann valet – og livet

Unge meir synlege
Han meiner ungdomspartia har ei viktig oppgåve her, men syner òg til media som viktige påverkarar.

– Etter 22. juli har ungdomspolitikk fått meir plass i media. Det gjer at det vert meir tilgjengeleg for ungdom, seier Pedersen.

Etter 22. juli auka valdeltakinga blant fyrstegongveljarar.

Talet påmedlemmar i dei politiske ungdomspartia har auka kraftig i tida etter hendingane på Utøya og i Regjeringskvartalet.

VIL MEIR: Mathias Haugberg (17), Alexander Dahl (17), Kjersti Grønseth (16) og Solveig Hamre (16) trur dei tenkjer annleis etter 22.juli.

VIL MEIR: Mathias Haugberg (17), Alexander Dahl (17), Kjersti Grønseth (16) og Solveig Hamre (16) trur dei tenkjer annleis etter 22.juli.

Skryt frårektor
Leiinga ved Nordahl Grieg ser at det har skjedd ei endring.

– Det er eit stort engasjement blant elevane. Til dømes då lege Mads Gilbert snakka under opninga måndag. Mange ynskja å vite meir om det han driv med og mange ynskjer sjølv å bidra, seier rektor Lin Holvik.

LES OGSÅ: Auka engasjement etter 22/7

Målet med konferansen er å leve opp til skulen sitt namn.

– Vi ynskjer åskape samhald og identitet, og relatere det til verdiar. Påden måten ynskjer vi ådra ein parallell frå Nordahl Grieg si dikting og fram til i dag, seier assisterande rektor Lise Holsen.

Her kan du følgje med på kva elevane tvitrar om konferansen!