Unge trur ikkje på FN-klimapanel
Få unge i Noreg trur at menneskeskapte klimautslepp har forårsaka global oppvarming.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Under halvparten av norske ungdommar trur klimapanelet til FN har rett i at menneskeskapte klimautslepp har forårsaka mesteparten av den globale oppvarminga dei siste femti åra.
Det syner ein gallup som i utgangspunktet dreier seg om forholdet norske ungdommar har til nord-sør-spørsmål. Undersøkinga omfattar over 600 unge i alderen 15 til 24 år, skriv Vårt Land.
I undersøkinga kjem det fram at berre under halvparten, 48 prosent, støttar konklusjonen frå klimapanelet om at menneskeskapte klimautslepp har forårsaka mesteparten av den globale oppvarminga sidan midten av 1900-talet.
Så mange som éin av fem meiner at klimaendringane i staden har naturlege årsaker.
Berre dei færraste, rundt 20 prosent, er villige til å gå klart ned i levestandard for å redusere klimautslepp. Dei fleste unge meiner staten må støtte opp om utvikling av ny teknologi som kan hjelpe til å få ned klimautsleppa. Billegare kollektivtrafikk, momskutt på klimavennlege varer og meir forsking er det dei meiner staten bør satse på.
– Det er bra å vere teknologioptimist, men det er eit stort problem dersom ungdom lener seg tilbake og trur at teknologien kan ordne alt, seier Natur og Ungdom-leiar Silje Lundberg til avisa. (©NPK)