Kampen mot fattigdom og miljøpolitikk var blant sakene som vart diskutert under Samfundsmøtet laurdag.

Aleksander Hauge/Under Dusken
Aleksander Hauge/Under Dusken

– Kvar dag blir det fødd 210.000 fleire menneske enn det burde, det er altså 70 millionar meir på eitt år. Det er merkverdig at det ikkje finst nokon overordna plan for korleis vi skal handsame dette, seier professor og biolog Harald Kryvi ved Universitetet i Bergen.

Når millionar av menneske er på veg ut av fattigdomen er det ulike miljømessige utfordringar som blir sett i gang. Korleis skal dette løysast? 18. februar sat Samfundsmøtet «7000000000» ljos på problemet.

Endra befolkningspolitikk
Helge Brunborg frå Statistisk Sentralbyrå fortel at veksta verda over har auka valdsamt dei siste tiåra. Berre her i Noreg ser vi store endringar.

– Folketalet i Noreg vil om ein månad passere fem millioner menneske. Dette er merkverdig av di folketalet ikkje har vakse så raskt på 70 år, seier Brunborg.

I land som Noreg og Sverige har venta levealder auka valdsamt dei siste åra. Vi blir stadig fleire og stadig eldre, og dette gjer at vi må endre politikken, meiner Brunborg.

Han foreslår mellom anna at vi kan organisere internasjonale befolkningskonferansar.

– Det er òg verd å konsentrere seg om utdanning for kvinner. Dette er med på å gje auka kunnskap til mellom anna familieplanlegging og prevensjon.

Harald Kryvi er på si side tilhengar av den kinesiske eittbarnspolitikken.

– Kinesiske styresmakter innsåg på 70-talet at kvart ekteskap produserte 6,5 born, difor innførde dei eittbarnspolitikken. Ein ser at det har løna seg i seinare tid, seier han.

Han meiner at i eit overbefolka samfunn vil fattigdom oppstå sidan samfunnet ikkje klarar å produsere nok til innbyggjarane, rett og slett fordi det er for mange.

– Overbefolkning er ei direkte årsak til fattigdom, seier han.

Miljø vs. religion
Kryvi meiner at vi må sjå nærare på religiøse samfunn og redusere fødselsraten i ei rekkje land for å løyse problemet verda no står ovanfor.

– Vi er på ein farleg veg. Vi må våge å kritisere religiøse fordomar når det gjeld kvinnesyn og fødsel. Vi er nøydde til å redusere fødselsrata, det er det einaste som fungerer, seier Kryvi.

Han meiner det er vanskeleg å sameine den katolske kyrkje med ei bærekraftig utvikling.

– Dette er veldig vanskeleg sidan paven ikkje tillet prevensjon. Desse etiske meiningane står sterkt i mange katolske samfunn og er difor veldig vanskelege å døme, seier Brunborg.

– Kan det vere lønsamt å fokusere på religiøse samfunn i staden for nasjonar?

– I mange religiøse samfunn blir det sett på som eit personleg angrep om ein freistar å kritisere noko ved deira moralske eller etiske syn på mennesket. Dette kan ende svært negativt, meiner Kryvik.

Han kommenterer òg miljøproblema vi no står ovanfor.

– Vi har to syn på korleis vi kan utnytte miljøet. Det første synet er at alt er tillete så lenge det er positivt for mennesket. Det andre synet er at vi er ein av mange artar i naturen, difor er han ikkje til fri disposisjon fordi vi ikkje er einerådande, seier Kryvi.

Han meiner likevel at vi må ha ei konsekvent meining når det gjeld å handsame miljøet forsvarleg.

– Vi må skilje mellom det som gagnar oss menneske og det som gagnar miljøet. Naturen har klart seg bra i millionar av år med miljøendringar. Det er oss menneske som blir påverka av miljøet, ikkje miljøet sjølv, det klarar seg bra, seier Kryvi.

Les saka i Under Dusken her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE