Strøymer til bustadbyggarlaga

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bustadbyggarlaga i Noreg fekk 30.000 nye medlemer i fjor. Svært mange er under 30 år.

– Vi har fått like mange nye medlemer som det bur menneske i Moss. Nettoauka er på ikring 3,5 prosent og er av dei høgste vi har hatt. Meir enn 840.000 nordmenn er no medlemer i bustadbyggarlag, seier administrerande direktør Thor Eek i Norske Boligbyggerlagenes Landsforbund, NBBL.

Han er særleg nøgd med at det er svært mange unge nye medlemer.

– Noko av veksta skuldast nok at Noreg er inne i ei ungdomsbølgje med fleire i aldersgruppa 20 til 30 år. Men dei høge bustadprisane aukar òg interessa for medlemskap i bustadbyggarlaga. Vi ser at fleire brukar forkjøpsretten når burettslagsboligar skal leggast ut for sal, seier Thor Eek.

Sterk auke
Landets største bustadbyggarlag, OBOS, meldar om ei medlemsauke på 13 000 i fjor.

– Det er meir enn ti år sidan så mange melde seg inn i Obos. I tillegg kjem nær 30 000 nye via fusjonar med andre bustadbyggarlag, seier kommunikasjonsdirektør Åge Pettersen i Obos.

Ikring halvparten av dei nye medlemene er mellom 20 og 35 år.

– Prisauka i bustadmarknaden er ei viktig årsak til den sterke medlemsauka. Bruk av forkjøpsrett er eit viktig gode for medlemene, og i fjor vart 30 prosent omsett på denne måten, seier Pettersen.

To av tre under 30
I Trondheim har det òg vore ei kraftig auke i talet på medlemer.

– Vi fekk 2947 nye medlemer i fjor, ei auke på nesten fem prosent. Så stor vekst har vi ikkje hatt sidan 2004, seier avdelingssjef Solvor Sundet i Trondheim og Omegn Boligbyggelag (TOBB)

To av tre nye medlemer i Trondheim er under 30 år.

– Det har hend ei stor endring dei siste ti åra. I 2002 var berre ein tredel av nye medlem under 30 år.

Ho trur storbysamarbeidet mellom bustadbyggarlag i Bergen, Oslo, Trondheim, Stavanger og Tromsø har fått mange foreldre til å teikne medlemskap for borna sine.

– Før var mange foreldre usikre på om det var lurt å kjøpe medlemskap i Trondheim til ein son eller dotter som kan hende skulle studere på ein heilt annan kant av landet. Men når medlemsansienniteten kan brukast i fleire byar, vel fleire å melde inn borna sine, seier Sundet.

Nær ein tredel av den samla medlemsmassen i TOBB er no 30 år eller yngre.

Vanskeleg for unge
I Stavanger auka talet på medlem med seks prosent i 2011.

– Den kraftige veksta ser ut til å halde fram inn i det nye året. Mange seier den vanskelege bustadmarknaden i Stavanger er ei viktig årsak til at dei teiknar medlemskap hjå oss. Forkjøpsretten er ein stor fordel i bustadjakta, seier kommunikasjonssjef Cecilie Wathne.

Bustadbyggarlaget i Stavanger tel no 33.000 medlemer. Av desse er 27 prosent under 30 år.

Kjelde: Newswire.