Livet med lama

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg kan absolutt anbefale folk som skal ta over ein gard å byrje med lama, fortel Helge Rorgemoen. På garden hans i Øyfjell i Vinje bur det 24 lamaer. Dei fungerar like bra på TV, som dei gjer som kløvdyr.

Ville ha kamel
– Eg var faktisk fyrst interessert i kamel, og såg for meg ein karavan herifrå og over fjellet til Rauland. Vi bur jo i ei reiselivskommune, og det trur eg kunne vore ein verkeleg attraksjon, seier Rorgemoen.

Så i 1991 reiste han til Skåne, der det var landbruksmiljø med fokus på spesielle dyreartar. Men kamelar er store, og viste seg å vera vanskelege å få til å drive med. 

LES OGSÅ: Unge bønder satsar friskt

– Men då eg var der, oppdaga eg kor flotte dyr lama er. Så det ville eg byrje med, og eg fann fram til andre som også var interesserte. Regelverket kring innføring av nye dyreslag var strengt på den tida. Så det var fyrst etter nokre år, og eit nytt EU-direktiv at vi fekk dyra til landet, forklarar Rorgemoen. 

Kjendisar og kombidyr
Som ein av landets fyrste buskapar, har lamaane i Øyfjell hausta stor åtgaum. Dei har frekventert media både lokalt og nasjonalt, hatt modelloppdrag i moteseriar og dei har vore med på Farmen på TV2.

– Lamaer er fantastiske turkameratar, seier Rorgemoen. Som har hatt med lama både på Gaustatoppen og på pilegrimsvandring frå Tønsberg til Oslo.

Lamaer er ikkje berre eit praktisk kløvdyr og fine turkameratar. Kjøtet er magert, og vert mellom anna brukt til å lage spekepølse. Ullfibrane er like fine som hjå alpakka, berre litt vanskelegare å utnytte. Dei er også nyttige til kulturlandskapspleie.

LES OGSÅ: – Landbruket er i ferd med å kollapsa

– Lama kan til og med fungera som gjetarar for sau, men det har ikkje vore gjort så mykje her til lands, forklarar Rorgemoen.

Meir PR
Dyra er enkle å stelle, bråkar ikkje og lev på vanleg for. Den einaste utfordringa Rorgemoen peikar på, er i forhold til landbruksmyndigheitene. Når ein driv med lama, får ein nemleg ikkje støtte per dyr, slik ein får med til dømes kyr og sau. Ein får berre støtte til slikt som kulturlandskapspleie.

I fylgje tal frå Mattilsynet er det registrert 43 buskapar med lama i Noreg.

Men Rorgemoen ser lyst på framtida, og har tru på lamaer på fleire gardar.

LES OGSÅ: Prisar kulturgard

– I det siste har vi kanskje ikkje vore flinke nok til å drive PR, og synt fram dei mange moglegheitene. Men det er jo så mange som drøymer om å drive eit småbruk om dagen. Lurer ein då på kva ein skal gjere og likar å drive med dyr, ja då er lama eit strålande alternativ, avsluttar den nøgde lamabonden i Vinje.