Berre éi nynorskklasse
Klasse 5c på Våland skole er den einaste nynorskklassa i Stavanger kommune.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kommunen har 41 skular, der 26 er barneskular, 10 er ungdomsskular og fem er kombinerte barne- og ungdomsskular. Av dei 14.500 grunnskuleelevane har 14 elevar undervisinga på nynorsk, skriv Stavanger Aftenblad.
Det er klasse 5c på Våland skole kan skilte med å vere den einaste nynorskklassa i Stavanger. Det er med andre ord ikkje er oppretta éi einaste nynorskklasse i kommunen dei siste fem åra.
– Eg synest nynorskklasser er verdifulle. Det er synd at dei fell bort og eg skulle gjerne sett at fleire born fekk opplæring i nynorsk, seier rektor Eli Ryssdal ved Våland skole, og fortel at lærarane legg vekt på dra nynorsk inn i faga i dei andre klassene på skulen.
Fagsjef for skule i kommunen, Eli Gundersen, trur bokmål er eit byfenomen.
– Sjølv om Stavanger-dialektane ligg tettare til nynorsk enn bokmål er det nok eit byfenomen at færre vel nynorskklassar til borna. Me er veldig positive til foreldre og skular som ynskjer å ha born i nynorskklassar, seier Gundersen til Aftenbladet.no. (©NPK)