EU-parlamentet støttar Noregs iherdige forsøk på å halde på innskotsgarantien på to millionar kroner.

NPK-NTB
NPK-NTB

Avgjerda vart vedtatt med stort fleirtal i EU-parlamentet i Strasbourg torsdag.

– Eg er veldig glad for den støtta vi har fått frå EU-parlamentet i denne saka, seier finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap) i ein kommentar til NTB.

Regjeringa fekk positive signal frå parlamentet allereie i fjor vår, men Noreg slit med å overtale regjeringane i EU-landa om å gi Noreg eit unntak frå innskotsdirektivet. I direktivet hevar EU garantien per innskytar per bank frå 20.000 til 100.000 euro, men direktivet krev samstundes fullharmonisering. Det betyr at Noregs garanti på to millionar blir meir enn halvert. (©NPK)
 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

ANNONSE