Sveitsarane kjøper mest økologisk

Tidlegare har danskane vore dei flittigaste forbrukarane i verda av økologiske varer, men i 2010 var det sveitsarane som tok førsteplassen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For to år sidan var det sveitsarane som kjøpte mest økologiske varer per person i verda. Dei handla økologisk for om lag 1.151 kroner per person i året, medan danskane handla for om lag 1.069 kroner per person i året.

Dette går fram av tal frå det internasjonale forbundet av økologiske organisasjonar, IFOAM.

Verdsmarknaden før økologiske produkt held fram med å vekse og ifølgje IFOAM omfatta han i 2010 om lag 59 milliardar US-dollar.

I 2010 fanst det 37 millionar hektar økologisk sertifisert jordbruksmark i verda, skriv Lantbruk.com. (©NPK)