Massiv auke av private ungdomskular

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Massiv auke av privatskular

Dette utgjer ei auke på 5000 elevar på fem år.

Mykje uro
Helge Bauge, som fekk dotter si over på privat ungdomskule i år, seier til NRK Hordaland at dei valde privat grunna alt bråket i den offentlege skulen.

– Lova seier jo heilt klart at kvar enkelt har krav på stimuli i høve til evnene sine, og slik er det ikkje, seier Bauge.

Religiøst alternativ
Dei siste tre åra har ein tredel av alle som søkte seg til kristne Tryggheim ungdomsskule i Rogaland ikkje fått plass. Talet på elevar har vorte tidobla på seks år.

– Fantastisk at så mange vil gå hjå oss. Me bruker ingenting på marknadsføring. Samstundes er det vondt å avvisa elevar, og me får telefonar frå fortvilte foreldre. Me vil imøtekoma nokre av desse gjennom ei eventuell utviding allereie no, seier leiar for Tryggheim ungdomsskule, Tron-Arild Grødem.

– For meg betyr det mykje at skulen er kristen. Ein kan gå her utan å verta plaga for at ein er det, fortel Sunniva Aanestad, ny elev på Tryggheim, til Jærbladet.

Små klassar fungerer betre
Den private kristne grunnskolen Stavanger Kristne Grunnskule  får stadig nye elevar som byttar frå offentlege skular

Rektor Øyvind Voll trur det er fleire årsaker til at foreldre og elevar ønskar å bytte til skulen hans.

– Her har vi klassar på 12 til 16 elevar. Dermed har vi kan hende bedre føresetnader for å skapa eit godt læringsmiljø enn det offentlege skular med klassar på oppimot 30 elevar har, seier Voll til Bygdebladet.

Orden, disiplin og lydigheit
– Vi er veldig opptekne av orden og disiplin. Vi tør bruke ordet disiplin, seier rektoren.

Eksempel på dette er at elevane handhelsar kvar morgon og at dei lærer seg å stå oppreist ved pulten etter kvart friminutt heilt til læraren seier at dei kan sette seg ned.

– Dårlegere kunnskapsnivå
– Dei landa som har mange privatskular, har dårlegere kunnskapsnivå enn Noreg, sa barne- og familieminister Anniken Huitfeldt i 2009.

For Arbeidarpartiet har den offentlege fellesskulen ei sentral rolle i utviklinga av barn og unge sine faglege og sosiale ferdigheiter. Det viktigaste verkemiddelet for å hindre at fleire vel privatskular er å sørge for at foreldra er trygge på at borna deira får den beste undervisinga i den offentlege skulen.

Erfaringar frå andre land syner at når bruken av private skular aukar, aukar òg dei sosiale skilnadane mellom skulane, skriv partiet.

Bør det bli lettare å starta private skular i Noreg?