Mykje unytta utmarksbeite

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I dag hentar to millionar sauer og lam, i tillegg til nokre titusen storfe og hest, ut rundt 300 millionar fôreiningar frå utmarksbeite. Det svarar til rundt to millionar dekar fulldyrka grasareal og ein milliard kroner i fôrverdi. Men potensialet er rundt 900 millionar fôreiningar i utmarka, sa forskar Yngve Rekdal frå Norsk Institutt for Skog og Landskap på den nasjonale Beitekonferansen nyleg.

Sjølv om ikkje alt er praktisk nyttbart, er det likevel beiterussar nok til at dobbelt så mange husdyr kan beita i utmarka, meinte Rekdal, ifølgje nettsida til Sør-Trøndelag Bondelag.

Han la til at kvaliteten på utmarksbeite likevel varierer mykje. Norsk institutt for skog og landskap har analysert kvaliteten på utmarksbeite for heile landet og laga kart som viser om beiteområda er gode, middels eller mindre gode.

– Vi har funne at 13 prosent av arealet kan karakteriserast som gode beite, og det er svært viktig at desse områda blir tekne vare på og mellom anna ikkje bygde ned av hytter, sa Rekdal. (©NPK)