Kjempar med rosene om vatn

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hugsa du å kjøpa roser på Valentinardagen?

Då er det stort sannsyn for at du kjøpte roser frå Kenya. Landet er blitt den største produsenten av roser i verda. Frå dei enorme rosefarmane rundt Naivasha-innsjøen, kring 2000 meter over havet, blir titals millionar av roser sendt til Europa kvar dag.

Roser er ei viktig inntektskjelde for Kenya og for kring 500.000 arbeidarar i industrien. Naivasha er den einaste ferskvasskjelda i den store Rift-dalen, og er livsviktig for menneska og dyra bur der.

Men innsjøen har krympa mykje i løpet av dei siste tiåra.

Kranglar om veksande strender
Krympinga av innsjøen har ført til at nye, store landområde har dukka opp. Eit stort stridstema er kven som skal få bruka desse områda. Masai-folket krev tilgang til områda.

– Landområda har heldt fram med å vera til nytte for ei lita gruppe rikingar, på bekostning av lokalbefolkninga, sa talsmannen Kilerai ole Patita til den kenyanske avisa The Star sist veke. Han åtvarar mot veksande konfliktar om ikkje strandområda blir opna for allmenn bruk.

I løpet av dei siste 30 åra har folketalet gått opp frå 50.000 til 300.000 i kort avstand til sjøen, og blomeindustrien ønskjer å avgrensa konkurransen om vatnet frå husdyr og folk.

Framgang
– Det er for enkelt å seia at blomar ikkje bør dyrkast i Kenya og fraktast i fly til Europa, uttalte den britiske forskaren David Harper rett før jul i ei pressemelding frå Universitetet i Leicester. Han har forska på Naivasha-innsjøen i 30 år, og har fått støtte frå tyske og sveitsiske daglegvarekjeder for å bidra til å gjera roseindustrien meir berekraftig.

LES OGSÅ: – Afrika går til helvete

– Denne industrien er ein stor arbeidsgjevar i eit land som er heilt avhengig frå det naturen kan gje dei.

– Ein kombinasjon av mat til eige forbruk og eksport av avlingar for pengar er rette måten å få eit berekraftig samfunn, seier David Harper.

Ifølgje den britiske forskaren har det vore fleire teikn til framgang i løpet av dei siste åra etter tørken i 2009. Tørken førte til stor nedgang i roseproduksjonen, og minna industrien om at Naivasha kan tørka opp.

Heilt nytt er at dei som bruker vatnet frå Naivasha-sjøen må betala for dette. Håpet er at dette vil føra til ekstra tiltak for å spara på vatnet. Pengane skal brukast til tiltak for å betra den økologiske balansen i innsjøen.

Forureining, krympande vasstand og framande artar som karper og flytande vassplanter har endra sjøen og livsvilkåra for mange som lever av fiske i sjøen.

Satellittfoto av Naivasha-innsjøen.

Biletet viser omfanget av roseindustrien langs Naivasha-sjøen.

– Dårlege arbeidsforhold
Hanne Sofie Lindahl, sentralstyremedlem i Changemaker, vitja Lake Naivasha i 2009 – under den store tørken. Ho trur ikkje boikott av roser er løysinga.

– Eksport av roser er Kenya avhengig av. Og det er andre måtar å demonstrera for etisk produksjon av roser. Men det er absolutt viktig å informera, seier ho til Framtida.no.

På fleire farmar jobbar fleire av arbeidarane over 15 timar om dagen i dagane før Valentinsdagen, ifølgje Lindahl. Då ho vitja området var det fleire som ikkje fekk meir enn ni kroner dagen i betaling. Verneutstyr mot helseskadelege plantevernmiddel er også sjeldant, ifølgje ho.

LES OGSÅ: Filma regntida som aldri kom

Arbeidarar på ein av dei store blomeeksportørane til Noreg, Oserian, streika og demonstrerte mot arbeidsvilkåra i 2006. Då svara dei med å sparka 1000 tilsette, ifølgje Human Flower Project.

Då Aftenposten besøkte ein av Oserian-farmane i 2010, skal løna ha vore det dobbelte av minimumsløna for landarbeidarar i landet, og selskapet sytte òg for velferdstilbod til dei tilsette.

Lindahl reagerte på artikkelen i Aftenposten, og meiner den var einsidig. Forholda til arbeidarane i Naivasha er i beste fall kritikkverdige, ifølgje ho.

– Sanninga er at billige roser i Europa gir ein høg økologisk pris for Kenya, skreiv ho i dette lesarinnlegget.

QUIZ: Er du god på klima?

– Stiller strenge krav
Dagleg leiar i blomekjeden Floriss, Kjetil Swensen, meiner ein må trø varsamt når me spør han om blomeindustrien i Kenya er berekraftig.

– For oss er det viktig å ha kontroll på dei leverandørane me bruker. I Kenya er det vatn som er saka. Difor passar me på at leverandørane våre har oppsamling av regnvatn og reinsing og resirkulering av vatnet dei bruker, og me er varsame når me vel nye leverandørar.

QUIZ: Prøv deg på Afrika-quizen vår!

Floriss hadde tidlegare Fair Trade-roser, men ikkje no lengre.

– Dei fleste av farmane våre tilfredsstiller likevel krava som Fair Trade set, seier Swensen til Framtida.no.

Frå tørken i 2009. FOTO: Mattias Rolighed Bergset