Norsk forsking kan gi sunnare chips

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan fjerna chips-gift

Den nye teknikken gjer bruk av mjølkesyrebakteriar til å fjerne sukker på overflata av potetprodukt som skal friterast. Det fører til at det ikkje blir danna akrylamid, skriv Adresseavisen.

– Reaksjonane er positive, men industrien kjem ikkje til å gjere noko før det eventuelt kjem eit pålegg frå styresmaktene, seier Hans Blom ved matforskingsinstituttet Nofima.

Da ei forskargruppe ved universitetet i Stockholm i 2002 påviste giftstoffet akrylamid i steikt mat, vekte oppdaginga stor internasjonal merksemd og skremte både forbrukarar og mattilsyn verda over.

Det er i dag inga øvre grense for kor mykje akrylamid det kan vere i mat, sjølv om stoffet er kreftframkallande. Blom fortel at amerikanske forskarar for tida arbeider med å finne ut kor mykje akrylamid eit menneske tåler å få i seg.

– Resultata herfrå kan føre til at amerikanske og europeiske næringsmiddeltilsyn vil innføre langt strengare grenser for akrylamid i mat. Svaret vi får frå amerikanske og europeiske styresmakter, blir avgjerande for Mattilsynet i Noreg, seier han. (©NPK)