– Karakterane er ikkje viktigast

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I regi av IASTE og næringslivsdagane, er det jobbsøking det handlar om tysdag kveld på Gløshaugen. Sjølv om kurset er retta mot sivilingeniørar, er kurshaldar Jan Erik Tangen klar på at dette er tips som er nyttig for alle som er på jakt etter ein relevant jobb i sommar.

Når søknaden skal skrivast bør ein tenkje gjennom fire ting: kven er eg, kva kan eg, kva ønskjer eg og kva kan eg bidra med. Med eit reflektert høve til desse tinga har du kome langt på veg, seier Tangen.

– Det ingen kan ta i frå deg er det du har lært. Det er viktig å vere stolt.

Kven er eg og kva kan eg
Denne stoltheiten er Tangen oppteken av at ein må øve seg på.

– Det er smart å øve seg på å fortelje heilt konkret kva ein er god på, seier han.

Han fokuserer òg på refleksjon ikring eigen kompetanse, og ei ha klart for seg kva draumar ein har.

– Ha draumen i sikte, men skaff deg erfaring på vegen dit.

Den formelle kompetansen er det du har lært deg fagleg. Ved å vite nett kva du kan tilby ein arbeidsgjevar, kan du finne fram til dei som har behov for det du kan.

Samstundes påpeikar Tangen at den sosiale kompetansen er vel så viktig, og at her er det mange som har mykje å hente. Ved å vera presis om kva rolle du likar å ha i teamarbeid, og korleis du er når du jobbar med andre menneske, kan du vekkje interesse i ei bedrift som ser etter nett deg.

– Generelle søknadar er lett å identifisera, ver ærleg. Tenk på kvar søknad som eit personleg brev, seier Tangen.

Kva ønskar eg og kva kan eg bidra med
Målet med ein søknad er alltid intervju, men det er ikkje noko garanti for at dette hender. Difor er det betre å vere konkret i søknaden enn å tenkje at ein skal spare seg til intervjuet.

– Ver litt klok og bruk tid på søknaden. Samstundes skal ein vere litt freidig, seier Tangen.

Sett deg inn i kva bedrifta driv med, for på den måten kunne presentere deg sjølv på ein måte som skapar behov for nett deg. Å grunngje ein søknad med at ein ønsker å bruke kompetansen ein har i praksis, kan vere lurt.

Tangen gjentek ofte kor viktig det er å vere konkret og ærleg.

Sivilstatus og bilde på cv-en?
Det skal vere kontinuitet i ein cv, og er det fleire tomme år kjem dette som regel opp i eventuelle intervju. Det er betre å skrive at ein for eksempel har hatt permisjon enn å la det stå tomt.

Personlege opplysinger som bilete og sivilstatus meiner Tangen er meir valfritt.

– Det handlar mest om kva du er komfortabel med, seier han.

Cv-en skal gje eit bilete av kven du er, og det er heilt legitimt å ta med sosiale aktivitetar om dette er eksempel på at du lukkast. Det er viktig å hugse at søknadsbrevet ikkje skal vere det same som det som står på cv-en, men heller utfylle og vere ein interessevekkar, seier Tangen.

– Har du for eksempel reist eit år, så har dette gjeve deg masse erfaring, i tillegg til at det gjev informasjon om at du har vilje og tør å tenke nytt.

Ulik oppfatting
Kursdeltakarane har ulike meiningar om tipsa Tangen kjem med. Edvin Kristensen, som går 4.året på petroleum, opplever kurset som svært nyttig.

– Det var ikkje så teoretisk, men heller enkle triks presentert på en bra måte, det er slike ting du ikkje kan lese deg fram til, seier han.

Andreas Norman, derimot, frå 2.året bygg, hadde ønska seg eit anna fokus.

– Eg er nok meir interessert i kva bedrifter ser etter når dei skal ansette.

Han understrekar likevel at det er eit bra tilbod, og at han har planar om å delta på fleire kurs utover våren.

Les saka i Under Dusken!