– Shut that fucking door, or I will hit your mother, gaular ei av vaktene til ein av ungdommane, som er med på flyktningerollespel på Ogna.

Elin Moen Karlsen
Elin Moen Karlsen

 

600 humanetiske konfirmantar frå Rogaland fekk kjenne litt på korleis det er å vere flyktning, då dei deltok på Camp Refugee på Ogna på Jæren tidlegare i vinter.

I 24 timar blei ungdommane jaga frå kontor til kontor for å skaffe seg papir til opphaldsløyve, og frå grenseovergang til grenseovergang utan nok mat og søvn.

– Først skulle vi gå rundt på skulen og prøve å skaffe 12 forskjellige papir til 24 personar. Det gjekk ikkje så bra. Etterpå blei vi sende ut og gå i 6,6 kilometer. Vi kom til ei grense og grensevaktane var ganske sure. Dei skreik til oss: Keep running! Keep ruunning!, fortel Una Hole Winther frå Stavanger, som var ein av ungdommane som deltok på flyktninge-camp på Ogna.

Camp Refugee er eit rollespel. Deltakarane blir delte inn i store familiar med ein familiefar. Målet for deltakarane er å ta seg frå Sudan til Noreg for å søkje asyl. Til det treng dei å skaffe 12 dokument. Ungdommane rår i svært liten grad over kva dokument dei greier å skaffe seg, og undervegs kan dei bli behandla svært urettvist.

Psykisk press
– Viss vi var frekke med grensevaktane eller ikkje hugsa all informasjonen om oss sjølve frå passa våre, gjekk det ut over heile gruppa. Vi måtte ta armhevingar som straff, fortel Una Hole Winther vidare.

Etter gåturen kom dei fram til ein FN-leir. Her fekk «familiane» delt ut kvar sin vesle presenning som dei skulle sove på.

– Vi måtte liggje heilt tett, det regna og vi fekk to hender med ris kvar. På natta måtte vi plutseleg evakuere, for då var vi under angrep. Vi måtte gå og finne ein leiar som skulle ta oss gjennom forskjellige land og fram til Noreg. Då vi kom fram til Noreg, fekk vi kome inn i Ognahallen, som skulle vere eit asylmottak, seier Hole Winther.

Sur stemning
– Det var herleg å kome inn, eg trur det var i to-tre-tida på natta. Vi fekk ikkje vite kva klokka var. I løpet av natta blei vi vekte fleire gonger, fordi dei skulle intervjue oss om kva vi ville i Noreg. På morgonen måtte alle ut og stille seg opp. Då fekk vi beskjed av tre av dei 300 ungdommane fekk opphaldsløyve. Då blei det ganske sur stemning, fortel ho vidare.

Dei fekk gå inn igjen, og blei fortald at spelet skulle føregå i 10 timar til.

– Det var ganske kjipt, men så fekk vi vite at det likevel var over og fekk horn og brus, seier Una.

Ho fortel at dei blei skremde i byrjinga av opphaldet på Ogna, då leiaren for Refugee Norge, Kenneth Johansen, fortalde dei at dei skulle gå sju mil til saman i løpet av rollespelet, og at dei måtte hive seg ned i vegkanten når det kom bilar køyrande langs vegen dei gjekk på, elles ville dei bli køyrde tilbake til start.

– Vi visste jo ikkje heilt kva som var tull eller ikkje, men vi blei ganske skremde, seier konfirmanten.

Verre for verkelege flyktningar
– Vi visste på førehand at vi skulle halde på i 24 timar, vi hadde fri tilgang på vatn, vi fekk ha varme klede og gode sko, vi visste så nokonlunde kva som føregjekk og vi visste at det var eit rollespel. Slik er det jo ikkje for dei som er flyktningar, held ho fram.

Det sterkaste verkemiddelet dei brukar på Camp Refugee er verbal utskjelling. Dei bruker ikkje vapenliknande rekvisittar. Det er rundt 20 spill-leiarar med på kvart rollespel. Desse er representantar frå organisasjonen, som mellom anna speler funksjonærar, FN-tilsette, medisinsk personale og grensevaktar.

Una Hole Winther synest opplegget var litt urealistisk, men lærte likevel noko av opphaldet.

– Eg lærte mest om flyktningar frå presentasjonane vi fekk før rollespelet og etterpå. Elles lærte eg meir om kor sterk eg er og at eg klarer meir enn eg trudde eg skulle greie. Eg hadde eigentleg forventa meir, seier ho til Framtida.no.

– Eg har alltid visst at det er folk som ikkje har det så bra i resten av verda, men har ikkje tenkt så mykje på det før nå, held ho fram.

Provoserande oppleving
Torstein Karoliussen frå Haugesund synest rollespelet var truverdig.

– Eg synest opplegget var bra gjennomført. Det kjendest akkurat som å vere ein flyktning, som skal søkje asyl. Eg blei ganske irritert av det. Då vi måtte vere lenge inne på ambassaden, prøve å få tak i papir, vente og bli skriken til, det var litt provoserande, seier haugesundaren.

– Lærte du noko av rollespelet?

– Eg har forandra syn på korleis det er å vere flyktning. Sjølv om eg ikkje visste så mykje om det å vere flyktning frå før, så hadde eg ikkje trudd det skulle vere så vanskeleg og tungt, slår Karoliussen fast. Han svarer eit raskt ja på spørsmålet om han trur han har blitt meir tolerant overfor flyktningar etter camp-en på Ogna.

Vil endre haldningar
– Det er ikkje noko mål i seg sjølv at rollespelet skal vere så realistisk som muleg. Målet er at ungdommane skal få ei kjensle av korleis det er å vere flyktning. Den kjensla kan ein ikkje lese seg til, fortel styreleiar og dagleg leiar i Refugee Norge, Kenneth Johansen, til Framtida.

Refugee Norge jobbar for å endre haldningar, og det pedagogiske målet er å gi deltakarane ei realistisk, men forenkla oppleving av dei problema flyktningar blir utsette for. Målet for organisasjonen er å arbeide for å skape eit trygt samfunn med større likeverd og respekt mellom menneske, fritt for vald, framandfrykt og rasisme, skriv dei på nettsidene sine.

– Vi prøver å førebu ungdommane på det verste før vi set i gang rollespelet. Viss dei er førebudd på det verste heile tida, så klarer dei meir, seier Johansen.

Lærerikt
Han peikar på at forsking viser at eitt døgn med rollespel svarer til eitt år med samfunnsfag på vidaregåande skule.

– Vi har to ting i tankane med dette rollespelet. Vi ønskjer å vise ungdommane at det finst menneske i verda som ikkje er like heldige som oss. Vi ønskjer også at dei skal lære seg sjølv og eigne grenser betre å kjenne, fortel Johansen.

Refugee Norge har mellom 12 og 14 rollespel i året. Dei fleste av desse føregår i ein eigen leir organisasjonen har på Gardermoen. Human Etisk forbund er hovduoppdragsgjevar for Refugee, men også Raude Kross, Kyrkja og andre har nytta seg av rollespelet.

I helga var 40 ungdommar frå Vesterålen på Refugee Camp på Gardermoen i 20 minusgrader. Nå til helga er det Oslo-ungdommane som skal prøve seg. Det er bare Rogaland og Møre og Romsdal som har rollespela i sitt fylke på grunn av det høge talet av humanetiske konfirmantar. I Rogaland hadde Refugee Norge to rundar med flyktninge-rollespelet med 300 ungdommar i kvar.

– Sidan organisasjonen blei starta i 2004 har 20 000 ungdommar vore med på dette rollespelet, fortel Knut Johansen til slutt.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34
ANNONSE