– Hald det du har lova, Giske! er oppfordringa frå Changemaker.

mm

Changemaker overleverte i dag 8023 underskrifter til nærings- og handelsminister Trond Giske for at han og regjeringa skal drive ein meir rettferdig handelspolitikk.

– Changemaker krev at Giske og regjeringa må halde det dei har lovt i Soria Moria 2, og føre ein meir utviklingsvenleg handelspolitikk, seier leiar i Changemaker, Markus Nilsen.

– Strir mot Soria Moria
Det som skulle vere utviklingsrunden i WTO-forhandlingane går no på 11. året, og utviklingslanda betalar prisen med urimelege krav i bilaterale handelsavtalar mellom fattige og rike land. I tillegg krev Noreg gjennom WTO liberalisering av energitenester for ei rekke u-land.

LES OGSÅ: Aksjonerer mot eiga regjering

Changemaker meiner dette er klart i strid med dette løftet i regjeringserklæringa:
”Regjeringa vil leggje til grunn at WTO-avtaleverket ikkje må ta frå fattige land styringsrett og verkemiddel som har vore viktige for å utvikle vårt eige samfunn til eit velferdssamfunn.”

– Dei internasjonale handelsforhandlingane har kollapsa, og no finst det ikkje reglar som sikrar fattige lands utvikling, det er den sterkastes rett som rår. Sjølv om det ikkje finst internasjonale reglar Noreg må følgje, betyr ikkje det at Noreg kan ture fram som vi vil, meiner Nilsen.

Landbruksvern
I WTO har ikkje Noreg støtta krava frå utviklingslanda om ein eigen effektiv antidumpingsmekanisme på landbruksvarer. På same tid har Noreg klart å beskytte seg mot dumping av 581 ulike landbruksvarer i gjeldande WTO-regelverk.

Les fleire saker om Changemaker her!

– Giske nektar utviklingsland høvet til å bruke dei same politiske verkemidla som har skapt grunnlaget for norsk næringsutvikling. Dette er som å klatre opp ein stige, for så å trekke den opp etter seg, seier Changemaker-leiaren.

Trond Giske i dag vart utfordra til å spela stigespel med aksjonistane.

Han sette stigen på plass slik at den fattige stigespelbrikken, som representerte fattige land, kunne klatre opp utviklingsstigen slik den blå og rike norske brikken hadde gjort.

Bør Noreg senkja tollen på varer frå fattige land?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE