Vil skrota gamle traktorar

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ordninga er bra for begge partar. Eigarane kan enkelt kvitte seg med køyrety som har vorte til spesialavfall, mens vi kan attvinne metalldelane, seier Tor Arne Sandholt, sals- og marknadsdirektør i attvinningsbedrifta Ragn-Sells til Newswire.

Tilbodet omfattar òg andre typar utrangert tung metallreiskap som plogar og harvar.

– Vi trur det finst mykje av dette på låvar, i uthus eller på gardsplassar ikring i landet. Når det blir lettare å kvitte seg med det, kan det bli stor pågang. Ein del stadar i landet kan ha for lang eller vanskeleg transportveg til dei godkjende mottaksanlegga våre, men når det gjeld mengde har vi god kapasitet, seier Sandholt.

Det finst om lag 230 000 registrerte traktorar i Noreg, ifølgje tal frå Opplysingsrådet for Vegtrafikken (OFV). Dette varierer mykje frå fylke til fylke.

Tre på topp
– Oppland ligg på topp med 22600 traktorer. Deretter følgjer Hedmark og Akershus. I høve til folketal ligg Oslo naturleg nok heilt på botnen i traktorklassen, med 4500 registrerte køyrety, seier produktsjef Thorvald Gjønnæss i OFV.

I tillegg finst det truleg mange norske traktorar som ikkje er registrert i offentleg statistikk.

– Inntil 1971 var traktorar omfatta av eit unntak frå kravet om vanleg registrering viss dei hovudsakleg berre skulle nyttast utanom offentlege vegar. Mange av dei eldre traktorane er nok difor ikkje med i oversikta, seier sjefsingeniør Ivar Fjeldberg ved køyretyregistreringa i Statens vegvesen.

Det året unntaket vart avvikla, eksploderte talet på nyregistrerte traktorar og stoppa på 12818. Rekorden står framleis. Sidan tusenårsskiftet har talet på nyregistreringar vore på 3700 i årleg gjennomsnitt.

Opprydding
– Med tida har nok ein god del gamle traktorar og tung metallreiskap vorte sett til lagring på norske gardsbruk. Eg trur mange vil sette pris på sjansen til å kvitte seg med utstyr som er utrangert på ein enkel og grei måte, seier Trond Ellingsbø, leiar i Oppland Bondelag.

Ei slik opprydding vil òg vere positivt for korleis næringa blir sett utanfrå, meiner han.

– Skrot og uorden høyrer ikkje heime på en gard der det produserast mat. Men eg trur ikkje problemet med å halde på skrotferdig reiskap er spesielt knytta til landbruket. Mange villaeigarar og industribedrifter har òg mykje å rydde opp i, seier Ellingsbø.

Dessutan har ein god del gamle traktorar vorte samleobjekt, påpeiker han.

– Eg veit om fleire som pussar og steller dei nett som veteranbilar. Slike eksemplar vil det neppe bli aktuelt å hente til attvinning med det første.
Kjelde: Newswire.