At unge jenter har sin seksuelle debut stadig tidlegare, er ikkje noko byfenomen.

Esther Moe, Suldalsposten
Esther Moe, Suldalsposten

 

Helsesøster Eldbjørg Sivertsen ser at suldalsjentene som kjem og ber om p-piller er blitt påtakeleg fleire og yngre dei siste to-tre åra. Trenden i Suldal er den same som i byen. Jentene som kjem og ber om p-piller blir yngre og fleire. Helsesøster Eldbjørg Sivertsen etterlyser at fleire foreldre snakkar med ungdommane sine.

– Særleg dei to-tre siste åra har eg merka at me er blitt meir urbaniserte, viss det går an å seia det på den måten. Alderen på jentene kryp lenger og lenger ned frå 16-årsgrensa, som jo eigentleg er den seksuelle lågalderen, konstaterer helsesøster Eldbjørg Sivertsen.

– Etterlyser foreldre
Også Sivertsen følgde sist vekes mediedebatt om unge jenters p-pillebruk, der det kom fram at jenter heilt ned i 12-13-årsalderen kan få pilla utan at foreldra nødvendigvis blir informerte.

Somme meiner jentene dermed får nødvendig vern mot uønska graviditet etter sex dei uansett ville hatt.

Andre meiner foreldra blir spelte ut over sidelinja medan dei håpefulle framleis er barn.

– Det er rett at me skal utøva eit skjønn mellom 12 og 16 år i teieplikta overfor foreldra. Eg har ikkje erfaring med mange 12-13-åringar kjem for å få pilla, men frå fjortenårsalder er det aktuelt, seier Sivertsen, som ikkje meiner utviklinga er uproblematisk.

– Sjølvsagt er det bra å forhindra uønska graviditet, og for meg er det viktig å vera tilstades som ein skikkeleg samtalepartnar for dei unge. Eg har respekt for dei unge som tar ansvar for å forhindra graviditet, og av og til tenkjer eg at eg kanskje er den einaste vaksne som dei pratar seriøst med om dette. Eg ser at foreldre kan føla seg spelt utover sidelinja, men foreldre må tora å ta initiativet til å snakka om dette, det høyrer til foreldreansvaret. Foreldra kan ikkje forventa at ungdommen sjølv tar opp dette vanskelege, seier Sivertsen, som seier foreldre gjerne kan ta kontakt viss dei ønskjer at helsesøster tar den vanskelege samtalen vidare.

Les saka i Suldalsposten!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

Kommentarar

ANNONSE