Feil å nedprioritere sidemålet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Feil å velja vekk sidemålet

– Å gi fleirtalet av elevane mindre opplæring i å skrive nynorsk vil lett føre oss bort frå det overordna språkpolitiske målet som Stortinget stilte seg bak våren 2009: å sikre norsk språk med to jamstilte målformer, skriv Arnfinn Muruvik Vonen i eit innlegg i Bergens Tidende tysdag.

Språkdirektøren har før sagt at han meiner sidemålskarakteren bør få stå. Dermed kan han heller ikkje stille seg bak framlegget om å sløyfe den eigne sidemålskarakteren i norsk, slik Utdanningsdirektoratet foreslo i eit utkast til ny læreplan for norskfaget for to veker sidan.

Språkrådet vil ha større vektlegging av lesing og skriving i det sterkt tidspressa faget. Da hører sidemålet – som for dei fleste er nynorsk – med.

– På denne bakgrunnen er Språkrådet ueinig i Utdanningsdirektoratets forslag nyleg om å nedprioritere delar av skriveopplæringa i norskfaget, nærare bestemt skriving på sidemål, skriv Vonen.

Han går også i rette med ideen om at mindre øving i sidemål gjer elevane betre i hovudmålet.

– Det finst ingen undersøkingar som tyder på at elevane blir betre til å skrive hovudmål viss dei ikkje får skrivetrening på sidemål. Det vi derimot veit, er at skrivepedagogikk har ein del å seie, og at mykje og variert skriving gir gode skribentar, slår språkdirektøren fast. (©NPK)