Grunnlova står fast

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grunnlovsframlegget frå september 2009 er fremja av Arbeidarpartiet og Høgre og er behandla i kontroll- og konstitusjonskomiteen. Komitéleiar Anders Anundsen (Frp) seier det er ei stor misforståing at dette handlar om forholdet til EU og ein eventuell ny søknad.

– Dette er eit prinsipielt spørsmål om det høvet mindretalet har til å blokkere det folkefleirtalet har uttrykt i ei folkeavstemming. I dag er det nok med 43 representantar, mens det etter framlegget trengst 57. Dette handlar om å gi demokratiet betre vilkår, seier Anundsen.

Frp ønskjer seg bindande folkerøystingar.

Det er tredje gongen sidan EU-slaget i 1994 at tilhengjarar av norsk EU-medlemskap gjer dette framlegget.

Nei til EU
Anundsen meiner det er Nei til EU som køyrer fram dette som ei EU-sak – i mangel av noko anna å gjere. Frp held fast på EU-saka er uaktuell og har for tida ikkje noko offisielt syn på medlemskapsspørsmålet.

Men overført på EU-problematikken betyr forslaget at det kan bli lettare å få fleirtal i Stortinget for resultatet av ei rådgivande folkerøysting, ettersom det vil vere nok med støtte frå to tredelar av representantane, ikkje tre firedelar som i dag.

Under voteringa i Stortinget tysdag må grunnlovsforslaget få to tredels fleirtal (113 stemmer) for at det skal bli ein del av Grunnlova. Det er alt no klart at dei 34 representantane i partia V, SV, Sp og KrF kjem til å røyste imot.

Og ettersom Ap og Frp stiller representantane sine fritt, er det nok av EU-motstandarar i dei to partia til at forslaget fell. Det er truleg berre Høgre som i samla flokk vil røyste for framlegget.

– Sånn sett er det eit ufarleg grunnlovsforslag, seier Anundsen.

Nok er nok
Nei til EU åtvarar jasida mot å reise dette spørsmålet fleire gonger.

– Eit fjerde forsøk vil svekkje truverdet til både jasida og Stortinget. Dessutan kjem tiltrua til demokratiet blant folk til å få ein varig knekk. Det vil ikkje bli forstått. Nok er nok, seier Nei til EU.

Tre tidlegare Sp-representantar har òg fremja eit grunnlovsforslag som kjem til å falle under voteringa tysdag.

Framlegget tar til orde for at det skal bli obligatorisk å halde folkerøystingar i alle saker som blir behandla etter paragraf 93 i Grunnlova, samtidig som det blir presisert at resultatet berre skal vere rådgivande.

Det er i tråd med Senterpartiets politikk heilt sidan folkerøystinga i 1994. Den gongen heldt partiet fast på retten til å tolke resultatet og ville ikkje utan vidare akseptere eit fleirtal for EU-medlemskap på 50,1 prosent.

– For oss er det uaktuelt å støtte dette. Vi meiner at folkerøystingar er ein etablert sedvane og at dei skal vere bindande for politikarane, seier Anundsen. (©NPK)
 

Prøv vår Grunnlovsquiz her!