Norske rektorar gir klar beskjed om at nasjonale prøvar ikkje gjer skular betre.

NPK-NTB
NPK-NTB

Sju av ti meiner prøvane blir brukt til å samanlikne og rangere skulane, viser ei intervjuundersøking med 300 rektorar som Respons Analyse har gjort på oppdrag for Utdanningsforbundet, skriv Dagbladet.

Like mange av rektorane meiner skulepolitikarane i mindre grad eller ikkje i det heile tatt brukar resultata til å setje i verk støttetiltak der prøvane viser svake punkt i opplæringa.

Utdanningsforbundet foreslår no å erstatte dei nasjonale prøvane vi har i dag med utvalsprøvar, der eit utval elevar blir kartlagt for å få eit bilete av tilstanden i norsk skule.

– Vi tilrår utvalsprøvar fordi det vil gi nyttig informasjon til styresmaktene, samstundes som vi slepp uheldig rangering på feil premissar. Med utvalsprøvar vil ein dessutan kunne samanlikne resultata frå eitt år til eit anna, seier Steffen Handal i Utdanningsforbundets sentralstyre til avisa.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen har på si side ingen planar om å fjerne ordninga og viser til at 89 prosent av rektorane i undersøkinga ønskjer at prøvane blir verande i ein eller annan form. (©NPK)
 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34
ANNONSE