Klare til å tale unge si sak

130 engasjerte ungdomar møtest i Oslo Rådhus på Ungdommens Bystyremøte.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Ordførar Fabian Stang og kunnskapsminister Kristin Halvorsen opnar Ungdomens Bystyremøte 2012 tysdag morgon.

Ungdomens  Bystyremøte (UBM) er den viktigaste arenaen for innverknad til ungdom i hovudstaden, og blir arrangert i år for 16. gong. Døme på saker som tidlegare har fått gjennomslag i bystyret er: styrkt seksual- og rusundervisning i ungdomsskulen, billegare kollektivtransport, lærarevaluering og kulturkort.

– Gjennom Ungdomens Bystyremøte har Oslo-ungdom ein viktig møteplass og arena for politisk innverknad. Vi kjem i fellesskap fram til saker som er viktige for ungdom i byen, og som bystyret må handsame i etterkant. På den måten har vi reell innverknad på den politikken som blir ført i Oslo, seier Julianne Borgen, leiar i Sentralt Ungdomsråd i Oslo.

Det er venta at 130 ungdomar kjem til Ungdomens Bystyremøte. I løpet av dei to dagane møtet blir arrangert kjem ungdom frå heile byen til å fremja forslag til handsaming, drive lobbyverksemd og delta i mange spennande og viktige politiske debattar.

– Stemma til ungdom i samfunnet er svært viktig. Det er vi som veit korleis det er å vere ung i dag, og kva for tiltak som kan iverksetjast for å sørgje for at Oslo er ein god by å bu i for ungdom. Gjennom UBM har vi høvet til å gje politikarane i byen melding om kva som kan blir gjort betre. Det er eit ansvar Oslo-ungdomen tek på alvor, avsluttar Julianne Borgen.