Aust-Agder FpU vil gje meir makt til elevane.

mm

Aust-Agder FpU vil at jobbsøkjande lærarar må på audition for å visa om dei er gode nok. I helga fremja ungdomspartiet forslaget på fylkesårsmøtet til Frp.

Årsmøtet vedtok å senda vidare forslaget til fylkestingsgruppa.

– Dei skal no undersøkja saka nærmare, og finna ut korleis dei klara å overtyda resten av fylkestinget om at dette er ei god sak, seier Buarøy til Framtida.no.

På Sandvika videregående skole i Akershus fekk elevane i 2006 delta i tilsetjinga av lærarar.

Elevane som høyringsinstans
– Viss ein lærer ikkje kan utføre det ein skal gjera i ein undervisningssituasjon, kan dei det kanskje ikkje elles heller, seier Jan Erik Buarøy, leiar i Aust-Agder FpU.

Han meiner det er vanleg at bedrifter som tilset òg har med ein tilsetterepresentant i prosessen, og synest det er naturleg at elevrepresentantar får vera med på å vurdera lærarkandidatar.

LES OGSÅ: Gruppearbeid er verst for kvinner

Buarøy seier at det ikkje er slik at det er elevane som skal ha det avgjerande ordet, men at eksempelvis elevrådet bør få vere med som ein høyringsinstans.

– Dette kan gjerast slik at personar som søkjer ein lærarjobb skal halde ei førelesing, og bli vurdert av eit elevpanel, heiter det i forslaget til FpU.

Meir innverknad
Òg på Stortinget har Framstegspartiet gått inn for å gje elevane meir innverknad over kven som blir tilsett som lærarar.

LES OGSÅ: Klare krav til nytt barneombod

I eit intervju med TV2.no i byrjinga av januar sa stortingsrepresentant Mette Hanekamhaug at elevar bør få delta på tilsetjingsintervju og seie meininga si før lærarar blir tilsett.

Kva meiner du om forslaget? Er det på tide at lærarar må gjennom audition før dei får jobb?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

ANNONSE