Naudsynt underhund

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorsk: naudsynt underhund

 

Kva status har nynorsk i dag?
– Formelt har det same status som bokmål etter mållova. Jamstilling er målet, men røynda er noko anna enn formaliteten.

Korleis var stoda for 50 år sidan?
– I samfunnet generelt har nynorsken vorte meir synleg. NRK sine 20 prosent kan få æra for dette. Skulesituasjonen endra seg med Norsk Målungdom sitt initiativ for parallelle lærebøker. Avisene er ei sørgjeleg historie, med nynorskforbod den dag i dag. I teater og kulturlivet står nynorsken sterkare enn før.

– Prosenten i skulemålet har gått mykje nedover. No ligg skulemålsprosenten på nynorsk på 13 prosent. Høgste måling var på 34,2 prosent i 1944. Frå slutten av krigen og fram til 70-talet var det sterk sentralisering, ein bygde opp att landet på bokmål. Ikkje berre flytta folk til byen, men lojaliteten til alt frå sentrum var stor. Også til språkverdiane der. Språket som representerte periferien vart taparane. Målinga sank raskt til 16-17 prosent. På 70-talet kom dialektbølgja og distriktsutbygginga. Mentaliteten snudde på mange punkt, ein investerte i distrikta og nedgongen slutta. Nedgongen vidare har sakte gått mot dagens 13 prosent.

Dersom ein bryt ned sidemålet i grunnskulen, kva kan ein seie om konsekvensane for nynorsk som målform?
– Spørsmålet om sidemålet er fundamentalt. Det finst to argument. Det eine er at alle har godt av å lære variasjon. Ein bør lære nynorsk fordi det representerer ein stor del av den norske røynda, mykje meir enn dei 13 prosentane som har nynorsk som skulemål. Ungdom i Oslo treng å få ei kjensle for språket, for å vere i stand til å treffe, interessere seg for og akseptere fullt ut andre menneske. For det andre er det strategisk viktig fordi nynorskbrukarar er uansett pålagde å meistre bokmål, og då skal ikkje bokmålsfolket sleppe billigare unna. Fjernar ein sidemålet raknar heile grunnlaget for jamstillinga. Rettferdssystemet er heilt grunnleggjande for spørsmålet om to målformer. Det kan vi aldri gje opp, det må heller styrkast. Norsk er norsk og omfattar både bokmål og nynorsk.

Kva er argumenta til dei som vil fjerne sidemålet?
– Mi oppleving er at dei ser nynorsk som lite naudsynt og plagsamt, i staden for å sjå verdiar og rettferd. Ein må oppleve presset på kroppen for å forstå det ordentleg.

Kvifor står bokmål sterkast i Norge?
– Det er maktforholdet som gjer det. Dei med sosial og økonomisk makt utnyttar kulturelle førestellingar slik at vi kjenner oss underdanige. Kultursosiologisk er det interessant, men mange kvir seg for å erkjenne det. Mellom bokmål og nynorsk er det eit herre/knekt-forhold.

– Ein kan samanlikne det med forholdet mellom engelsk og norsk, der er engelsk dominerande og norsk dominert. Dette blir omtala som ei mental kolonisering, der den dominerte etter kvart tek over alle verdiar frå dei dominerande. På same måte som nordmenn vurderer engelsk som kvalitativt betre, vurderer vi bokmål som betre og personleg gunstigare enn nynorsk. Folk som flyttar til byen trur til dømes at dei må skifte til bokmål. Det gjer ikkje byfolk som flyttar til bygda.

Korleis påverkar sosiale medium som Facebook og Twitter nynorsk?
– På Facebook, og i tekstmeldingar og andre medium, gir folk blaffen i rettskriving, dei skriv verken nynorsk eller bokmål. På 70-talet var dette utenkjeleg. Då sette ein i gong eit prøveprosjekt i opplæring i å skrive på dialekt, men det vart lagt bort. Mange hevda at det var vanskeleg å skrive på dialekt, men no ser ein at folk gjer det utan opplæring. Det er ei forsetjing frå den munnlege utviklinga. TV2 leia an og let ankerpersonar snakke på dialekt. I Norge er det no nokså fritt fram for variasjon i talen samanlikna med andre land. Kanskje skjer det same i skriftmålet.

Dette gjer at skiljet mellom bokmål og nynorsk kan bli opplevd annleis enn 50 år, og autoriteten til stramme normer vert fjerna. Då kan vi få eit nytt språkleg klima som er ein fordel for oss. Med ei slik utjamning kan på nytt snakke om samnorsk.

Kvifor er nynorsk viktig?
– For meg er det viktig fordi det handlar om kulturpolitikk, og dermed demokratiet. Folk skal kjenne seg likeverdige. Ein må motarbeide maktutøvinga som skjer gjennom språket.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

Grunnlova frå 1814 er skriven på dansk. På 1830-talet starta diskusjonen om at Norge som nasjon burde ha eit eige språk. Den eine retninga gjekk inn for å byggje opp eit heilt sjølvstendig norsk skriftspråk på grunnlag av dialektane. Her var Ivar Aasen (1813-1896) føregongsmann med sitt landsmål som vart jamnstilt med dansk i 1885.

I 1929 fekk språket det offentlege namnet nynorsk etter stortingsvedtak. På den andre sida var riksmålet med Knut Knudsen (1812-1895) i spissen, som vart omdøypt til bokmål i 1929. (Kjelde: Språkrådet)